Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
kor stød og paaliteleg han ser ut; so roleg og aalvorsam
og ærleg; ein skulde tru det var ein Gudsfugl; og so
er det ein utkropin Kjeltring. Han hev handla nokre
Aar her i Byen; fekk Pengar med Kona og øydde deim
upp; so livde han paa Vekslar; snytte halve Byen...
for ingin kunde anna enn tru paa slik ei Aasyn! Men
... her um Dagen spéla han upp. Kreditorane skal
hava Von um halvannan Prosent, vert det sagt.»
Daniel totte han fekk vera sjølvstendig og sagde, at
det var Kjeltringar i Byen som paa Lande. Dertil svara
Endre Storr ja. Denne Bruvik var ein Repræsentant
for heile Folke. Me gjekk her og galdt for aa vera so
grunnstøde og ærlege; og naar alt kom ihop, so var
me eit Folk av Fantastar. Lettlynde, usætande;
Tater-pakk. Det var ikkje ventande at Bonden skulde vera
betre enn andre; tvertimot. Det skulde stor Kultur til,
fyrr Folk lærde at det var gali aa ljuge, ja fyrr dei
berre lærde aa skilja klaart millom Sanning og Lygn.
Dette totte Daniel var underlege Ord; men han tagde.
Dei drakk; Storr baud nye Sigarar.
— «Ei Minneskaal for Olsen den fyrste!» ropa Aslak
Fjordan og drakk. «Olsen den fyrste var ein bra Kar!
Hadde eg havt Raad, so skulde eg reist der upp i Morgo
og fylgt han til Jordi. Elles saag eg lengi at han hadde
Tæring.» Daniel vart forstøkt av aa høyre dette; hugsa
so, at han skyldte Olsen den fyrste 4 Dalar, som Kan
daa no slapp aa betala... «Hærland hev og Tæring,»
sagde Gregus Johnsen. «Ja det er verre,» svara Strand;
«Hærland er jagu eit av dei beste Hovud, eg hev kjent.»
«Han kunde vorti noko stort, han,» sagde Aslak. «Men
han hev havt det for vondt... mykje Arbeid og lite
Mat; kaldt Rom, sunde Styvlar; det gjeng so i Verdi.»
— Daniel kjende seg uhugleg; hu; aldri inn i det Live
meir! So kom det yvi han ein Tanke som han slo ifraa
219
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>