Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
seg: det vilde vera ein Lette for han, um alle hans
gamle Kjennnigar vilde døy. —
Daa dei gjekk, sat Aslak Fjordan og trætta med
Strand um Fram; det høyrdest ut til, at Strand og
Fram um Uvénir, og at Aslak vilde hava Strand til
aa vera Skuld i dette. Men Strand banna paa, at det
var Fram som hadde Skuldi. Daniel slapp ut usédd.
Den einaste Kjenningen han sidan raaka, var ein
«Røvar», som kom og gjorde seg kjend og snakka
«folkeleg» Politik og bad um aa faa laane ein halv Dalar;
Fyren saag fæl ut. Daniel stakk til han ei Mark og
gjekk. —
— Uppe paa Steinsrud seig Dagane seint. Ein Dag
stod det ein Post i «Den gode Borger», som Daniel
meinte han kunde klara, og som han vilde ha søkt, um
han hadde havt Laud. Som han gjekk og undrast paa,
um det kunde nytte aa skriva til Pater um denne
Posten, og faa han til aa leggje eit godt Ord inn for
seg, — fekk han Brev fraa Kapellan Hirsch.
Det var eit langt Brev. Daniel vart mest kald um
Hjarta, daa han kjende att Handskrifti. Uroleg flaug
han Breve igjenom. Visste Kapellanen noko ? —
Hirsch forklara Grunnane til, at han ikkje hadde
skrivi fyrr; det hadde mest komi av, at han meinte
Daniel burde faa utvikle seg heilt sjølvstendigt. No
trudde Kapellanen at Tidi kunde vera komi.
«Rud hev fortalt meg, at du sidan i Sumar hev vori
Huslærar paa Lande; og der veit eg du hev samla deg
og komi til Klaarskap um det som maa vera Grunnen i
Live ditt,» skreiv han. Og han heldt fram: «Eg vil av
Hjarta vone, at du hev berga Barnehugen din gjenom
Stræve; for du veit, at det er Barne som eig Himilrike.
Og iser held eg meg trygg paa, at du hev haldi deg
fri av Byvase, denne tome, hole «formelle Daning» eller
220
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>