- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
221

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

kva dei kallar det; du var ein for varm og ægte Natur
til, at slikt skulde kunna bergtaka deg. Du hev set so
mykje av Bylive, at du veit kva det er verdt. Kaate
Munnar og kalde Hjarto; Smaamoro for Aalvor, Vitsar
for Visdom, Dans ikring Gullkalven og Aping etter
aandlause Motar i Staden for eit Liv i Kjærleik og Kraft,
— det er i faae Ord Kjennemerki paa dette Live som
dei vil skal gjelde for det høgste; eg vil ikkje tala um
alt det som løyner seg attum Stasen, og som helst ikkje
er nemnande. Kvar aalvorsam Tanke drep dei med
Laatt; deira Livsvisdom er: lat oss eta og drikke, for
i Morgo døyr me.

«Eg gløymer ikkje det som er godt og fagert i Byen;
der er baade Kunst og andre Ting, som kan lyfte og
gleda Aandi, og der vil alltid vera mange aa finne,
som liver eit sant Menneskjeliv midt i Tomleiken og
Staake. Det eg talar um er det, som me serleg
kallar «Bylive», dette Live som gjer Folk til Pyntedokkur
og Dansemeistrar og drep Liv og Aand og Aalvor i
eit endelaust Jag etter Fjas, og tømer Folk so reint
for all aandeleg Merg, at dei sistpaa ikkje kann hava
andre Meiningar og Tankar enn dei som er paa Moten.
Og det vil du kjenne til likso godt som eg. Nei, — som
eg trur eg paa min Maate lærde deg: Mannen er
Gudskjelov anna enn ei Parykblokk eller uppklædd Dokke,
og Live er noko anna enn aa kunna danse godt og vera
Løve i ein Balsal. — Og det er det største, eg hev
lært her paa Landsbygdi: at kor armt og skralt og ofte
ufagert «Folkelive» kann taka seg ut for den som ser
det «ovanfraa» gjenom Lorgnetten, — det er det, som
eig mest av Sanning og Aalvor og Hjartelag; det er det
som er det rikaste og sannaste i Grunnen. Her er lite
Form, men dessmeir Innhald; det er klaare, klingande
Malmen, ein her finn; Yta er kald og myrk, men under

221

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1944/0223.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free