- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
222

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

den gøymer der seg Gull, Hjartegull. Her maa me
byrja; her maa den arbeide som vil vera med paa aa
vekkje Folkeaandi i Norig.

«Du vil hava set, at eg i desse Aari hev havt mykje
aa staa i. Eg hadde tenkt meg Folke annarleis i den
Tidi daa eg laag og drøymde i Kristiania; mang ein
Gong hev eg vori paa Veg til aa gjeva Trui upp. Det
hev set meg ut til, at Folke ikkje berre var dvalebundi,
men steingjengi under all denne Uaand, Matstræve paa
den eine Sida og Pietismen paa den andre; at det var
staalsliti og utlivt, reint magtlaust av det lange
Marerid. Men ettersom eg hev lært Folke liksom personlegt
aa kjenne, hev desse myrke Tankane tint burt; eg skal,
um me ein Gong raakast, kunna fortelja deg mangt um
dette. Mykje leidt hev eg set; men meir Hjartegull
hev eg funni. Og det tidt der ein skulde ha venta aa
finne alt anna enn Gull.

Men eg hev meir og meir lært aa sjaa, at den rette
Maaten aa vekkje Folke paa, det er ikkje aa sende
Bonden til Byen, der han ofte vert utskjemd og gløymer
baade «Moders Maal og Faders Skik»; nei; Bonden maa
vera Bonde, og faa Daning — sann Daning, Aands- og
Hjartedaning — paa heilt upp heimsleg Grunn. Difor
hev eg ikkje hjelpt andre enn deg til aa studere; eg
hev heller sendt deim paa Folkehøgskulen. Denne er
det største og fagraste som er uppkomi i Norderlandi i
heile vaar Nytid; og den vil gjera eit Verk — fyrst og
fremst her i Norig —, som framande Folk og komande
Ættir skal undrast yvi.»

Kapellanen agta seg til aa byrja ein Folkehøgskule
sjølv um eit Aars Tid eller so, fortalde Breve; han
kunde ikkje faa gjort so mykje som han vilde naar han
hadde Preste-Embætte aa styre; og no, daa Verfar hans
var daain, fekk han Raad til aa vaage eit slikt Tiltak.

222

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1944/0224.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free