Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Fyrst maatte han ut av Lande eit Aars Tid og kvile
og samle Kunskap; men so skulde Tanken i Verk. Han
spurde Daniel, um ikkje han vilde vera med paa dette.
«Det vert ikkje stor Løn, du fær; men det vert so
mykje at du klarar deg paa Lands Vilkaar; og naar
ein hev so ein klarar seg, so skal ein ikkje hava meir.
Og eg veit at du hev vori uppglødd for dei Livs-Tankane,
som dette Arbeide er bygt paa; og du veit, at
Livs-maale for Mannen, det er aa hava noko stort aa arbeide
og stride fyri; du vil og aldri trega paa, at du hev
ofra deg til so fager ei Aands-Teneste som dette er.
Eg vil ikkje yvitelja deg; kvar fær taka det Arbeide
han kjenner seg kalla til; der vil han best finne sitt
Livsmaal. Men eg vil beda deg tenkje yvi, um du er
stød paa at du kjenner ditt Kall retteleg. Du hev tenkt
paa aa vera Prest; er du stød paa, at du vil magte
denne tunge Gjerning i Tidir som desse? Eller
kannhende Vitskapen dreg deg? Tenk i alle Tilfelle vel yvi
det, at ingen Ting er verre enn aa ,tage Feil af sin
Bestemmelse’.» Breve slutta med ei hjarteleg Helsing;
Daniel drog Anden djupt og tenkte med Glede og halvt
med Spott: han veit ikkje noko, han heller.
Det fyrste av Breve, det um Bylive, lagde Daniel lite
Merke til. Det kunde vera sant paa ein Maate, men
... det galdt mest um aa finne eit Svar paa dette um
Folkehøgskulen.
Han hadde visst ikkje Kall til aa vera Høgskulelærar.
Han hadde ingin rett Hug. Gaa der uppe millom
Bøn-dane og lære deim Livsvisdom, det kunde vera fagert
og godt... endaa Bonden kannhende trong likso mykje
til annan Slags Lærdom. Vitskapsmann? Nei det hadde
han aldri tenkt paa. Han brydde seg ikkje større um
Vitskapen. Han skyna i Grunnen ikkje rett kva den
var god for. Sanningi hadde me. Alt som Vaarherre
223
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>