Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
hadde funni det tenlegt for oss aa vita, det hadde han
upplyst oss um i Bibelen. Kva var det so dei leita
etter? Og um dei aldri so lengi rota og grov i Kjøt
og Blod og daude Skrottar, dei fann aldri ut kva Live
var; og ikkje fekk dei vita noko um Live etter dette
heller. Det dei leita etter visste Bibelen, og meir til.
Di meir ein tenkte etter, di meir vilde ein finne, at
Bibelen gav Svar paa alle vaare Spursmaal. Og dei
Svari me der fann vilde vise seg aa vera dei djupaste
og beste. Der var eit og anna i Bibelen, som me ikkje
skyna; men det viste og at Bibelen var Guds Ord; for
hadde han vori Menneskjeverk, so hadde me kunna
forstaa altsaman. Det var Teologi, Daniel alltid hadde
tenkt paa. Den lærde oss aa tyde Bibelen; og ein
Teolog kunde vita meir enn nokon annan um det som var
verdt aa vita. Teologien var den einaste sanne Filosofi;
den visste noko, den; men det som kalla seg Filosofi,
det var berre Talemaatar. — Og naar han hadde lært
det han skulde, so vilde han vera Prest. Ein Prest
hadde ei fager Gjerning; og Presten var ein Mann som
Folk hadde Bruk for, og som dei vyrde. Det var han
som raadde for Kyrkja, og som var mest høyrd i Sokni;
ingin kunde gjera so mykje som han. Og Daniel saag i
sine Tankar ein hyggjeleg kvit Prestegard lyse fram
mil-lom grøne Tre; og han saag seg sjølv sitja der Far og
Herre, og saag ei Prestekone som—; ja; det var Inga.
Nei, han vilde ikkje vera Folkehøgskulelærar. Han
var ikkje ferdug med Studenterlive dessmeir. Til Byen
att laut han. Der hadde han no mykje aa gjera; skulde
lesa Teologi og andre Ting, og arbeide seg fram til
sjølvstendige Meiningar ... Som han gjekk og grüna paa
dette, kom han til aa tenkje paa, at no var Kapellanen
rik; no maatte han kunna hjelpe ’n ? Naar det var
Teologi han vilde studere? Den Tanken kveikte ’n so
upp, at han straks sette seg til aa skrive Svarbrev.
224
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>