Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
ein Student kunde halde ut aa liva; og han tenkte med
seg sjølv, at han vilde heller slite sine Dagar som ein
Ekstraskrivar her enn grava seg ned paa Bondebygdi
og vera Lærar i Livsvisdom.
Han leigde seg eit 4 Dalars Rom i Homansbyen;
vilde bu som Folk. So gjekk han til Skræddaren. Betala
sine gamle Klæde og borga seg nye, dei finaste han enno
hadde aatt. Hjaa Hattemakaren kom han i Skade for
aa kaupe seg ein Flosshatt; hadde ikkje nettupp tenkt
paa dette; men ein Gong laut det no til. Sistpaa kaupte
han eit Par svarte Hanskar. Og daa han so ein Dag
stod for Spegilen og mynstra seg, kunde han ikkje anna
finne enn at han saag godt ut. Skjegge hadde vaksi og
Haare myrkna; og Aksline fekk han rette upp; det var
elles mange som var akslegruve. Han krulla paa
Munnskjegge og tenkte med seg, at naar han no berre kom
paa Danseskule og fekk lært alt som høyrde den
formelle Daning til, so skulde han bli ein rett præsentabel
Herre.
Men daa han kom paa Gata i den nye Stasen sin,
totte han at Folk gjekk og glodde paa han. Dei fann
det vel rart, at han, som berre var Bondegut, vilde
gaa og sprikje og vera Storkar... ha-ha; at slike
Tankar enno kunde koma for ’n! Han keika seg upp og
sette frons urbana so godt han kunde; for det var den,
det spurdest um. Men det var ikkje alltid det hjelpte.
Folk var so flirvise og krønske; fælt so store paa det;
men dei kunde vente. Dei kunde vente, dei gode Folk.
Naar han ein Gong kom i Kappe og Krage, og dei daa
kannhende sat i Kyrkja og høyrde sin Dom av hans
Munn, so gløymde dei nok aa flire; — huff, den som
kunde bli Bisp! —
— Han gjekk paa Helsing til Grosserar Storr og vart
vel fagna. Grosseraren sjølv var ikkje heime; men Fru
226
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>