- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
227

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Louise var greid. Reint som ei Syster var ho imot han,
og vilde alltid han skulde fortelja um seg sjølv. Daniel
hadde ikkje noko imot aa gjera henne til Viljes i dette
Stykke; alt som han vilde ho skulde vita fortalde han.
Og han fortalde ikkje anna enn som sant var. Han
kunde forsvara kvart Ord, han sagde — for nokon
Ljugar vilde han ikkje vera; — men han maatte undrast
sjølv yvi kor godt han fekk det til. Sjølv Haud’en til
Artium klara han fint; og daa Fru Storr sagde at Haud
var ein god Karakter, og at Bror hennar heller ikkje
hadde meir enn Haud til Artium, vart Daniel so
fornøgd at Augo hans lyste gjenom Brilleglasi. Fru Storr
saag seg glad paa desse Augo; dei var so djupe og
trufaste, totte ho. So fortalde ho han, kor glade dei hadde
vori i han der heime paa Stensrud; daa ho serskilt
nemnde Hanna, gjorde ho det paa ein slik Maate at
Daniel vart raud. Fraa den Stundi tottest ho kjenne
hans Hjartans Løyndom; men Daniel tottest likso
tydeleg vita, kvar han hadde henne i den Saki. —

So gjekk han i Russelage. Der skulde det nye
Studenterlive hans byrja; og han spaadde seg ein herleg
Kveld millom den grøne Ungdomen. Men han kom snart
etter, at Russen i Aar ikkje var som Russen i hans Tid.
Det var Leven og Staak i Kveld som daa; men der
var ikkje slik Glede i det. Og det som skulde vera
morosamt, vart ofte etter hans Meining faami. Han
undrast paa dette eit Bil; fann sistpaa ein Grunn: det
maatte koma av, at det i Aar var so mange
Bondestudentar.

Han kjende dei Karane berre han saag deim. Og han
lika deim mindre og mindre. Dette tunge og breide i
Rørslur og Andlitsdrag, dette, som han fyrr hadde trutt
var Kraft, — det var ikkje Kraft; det var «Raaheita».
Bystudentane hadde ikkje noko sovori, men kunde vera

227

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1944/0229.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free