Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
like kraftige for det. Og det verste var, at Bondegutane
no saag ut til aa gjera seg til av Raaskapen sin. Dei
gjordest paa aa vera Bøndar; det var tilmed dei
som gjekk bondeklædde. Og so gjekk dei og glodde paa
Bystudentane og paa alt som fint var, med ein Storsnut
so ulidande... Daniel fekk sjølv merke dette, og vart
baade harm og heit.
Men verre enn verst var det, at Bystudentane fann
seg i dette Bondevelde, ja gjorde Krus for Bøndane
att-paa. Det gjekk so vidt, at der var Bystudentar som
lagde seg etter aa sjaa ut som Bøndar sjølve. Daniel
saag seg leid paa dette. Skulde det halde paa soleis,
so vilde det snart ikkje vera noko framifraa aa vera
Student. Alle desse Bondegutane drog Studenterlive
ned; Folk vilde snart ikkje vyrde Studentane meir enn
andre Seminaristar.
Punsen gjorde seg drjug; og daa han endeleg kom,
var han ikkje drikkande. Det var Sukkervatn.
Russetala hadde noko av det same. Der var mykje søtt og lite
sterkt; mange Blomar, men lite til aa læ aat. Det meste
var fagre Ord om Studenten som var «Folkets Søn»,
og Studenten som var «Bærer av Ideen»; Russen helsa
alt dette med vill Eldhug; Daniel hadde so nær sjølv
vorte rivin med; men so hugsa han i rette Stundi, at
slikt vilde upplyste Folk kalle Frasur.
Og det vart verre og verre di lenger det leid. Det
var ein som tala for vaare «folkelege Stormenn», som
var «Utslag av den norske Folkeaand»; dei løyste det,
som laag «bundet i Folket», og var Folkeførarar,
Folke-skaldar, Folkekjempur, Folkefrelsarar. Ein annan tala
i svimrande Ord um «Nordens Aand», som var alt og
var god til alt; so kom det ein og tala for
Folkehøgskulen, som var «Datter av Nordens Aand»; denne
Skulen skulde vekkje Folke og løyse Folke og spéla Folke-
228
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>