- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
229

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

prinsessa ut av Havmannens Vald; men Havmannen var
Materialismen. Sistpaa kom det ein ung Bygut upp og
tala paa «Maalet»; daa vart Daniel baade skamfull og
arg. Han lika ikkje aa høyre denne Bondelaaten i godt
Lag; og naar ein fyrst med Slit og Slæp hadde arbeidt
seg upp or Bondelive, so vilde ikkje han vera med
og støype seg ned i det att. Han reiste seg og gjekk
ut i eit Siderom. «Eit Live! fyre da’ norska Maalet!»
skreik Maalstrævaren; «Hurra! Hurra! Hurra!» svara
Salen; Daniel meinte dei var galne.

Han sette seg ved eit Bord og smaka paa Punsen.
Han kjende seg so leid og aaleine. Bøndane lika han
ikkje; og millom Byfolke var han nok heller ikkje rett
heime. Rangsnutt var alt. No hadde han fengi som ei
Von um aa naa fram til fin Folkeskikk; men so gav
Byfolke seg til aa vera Bøndar; det var plent liksom
det han hadde stræva etter alle sine Dagar, ikkje skulde
vera noko tess lenger no. Han forstod ikkje sovori.
Og alt tok til 3,3. §[3,8/ i Ring. Sistpaa vart hans
harmfulle Tanke heftande ved Kapellan Hirsch. Hadde den
... den ... Drøymaren lært han upp paa vanleg
Latin-skulevis, so hadde han fyrr vorti Bymann. Men so var
det, naar Fatigmanns Son skulde fram i Verdi; det
gjekk paa Slump, og so gjekk det deretter. «Hurra!
Hurra! Hurra!» kom det dundrande fraa Salen som
Toreskrell, «Hurra! Hurra! Hurra!» verre og verre...
og so ein Dur, eit Dunder av Klapping; og ut av Brake
arbeidde det seg fram ein Song, sterkare og sterkare,
sterkare og sterkare; og Songen vart til ein Storm som
fyllte Huse:

«Ja vi elsker dette Landet
som det stiger frem
furet, veirbidt over Vandet
med de tusind Hjem!»

229

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1944/0231.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free