Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Daniel sat og undrast paa, um dei der inne elska
Fedralande slik som dei skreik til. Men elles var det
minst fyri aa elske Fedralande for deim som hadde
det godt.
Noko lenger utpaa Kvelden kom han i Lag med Strand
og nokre andre; ein av desse hadde ei Konjakflaske
med seg, og so fekk Daniel kvesse Punsen sin. Det
gjorde godt. Men Strand gjorde Narr av Daniels «nye
Menneske» og hadde lært seg til med ein Maate aa tala
paa, halvt skjemtande og halvt spottande, som Daniel
ikkje kunde like. Ein var aldri stød paa um han meinte
det paa vondt eller godt det han sa; det var ein
Bonde-storsnut mykje verre enn frons urbana. Av dei andre
lagde Daniel mest Merke til ein feit, bleik, roleg Fyr
med ljost Haar, taksteinsraudt Skjegg og store Brillur;
det var han, som hadde Konjakflaska med seg. Namne
hans var Olai Juberg; det skulde daa vera han, som
Haugum hadde sagt var so øydelagd? Det maatte vera
noko stort Tøv. So var der ein halvgamall ein, som
var framførd som «Cand. filos. Eleasar Karelius
Manas-sesen Stormyrhals, almindelig kaldet Karl Magnus», ein
svart-muskin, mager Nordlending; fraa dei gruve
Aks-line skaut Hals og Hovud seg fram som paa ein Fugl.
Den fjorde i Lage var ein ung Russ, Aslak Mogen fraa
Telemark: det var kannhende den fagraste Guten Daniel
enno hadde set; men Bonde kunde ein sjaa han var.
Daniel undrast lengi paa denne Guten; fann endeleg ut,
at det maatte vera ein Ætting av desse gamle
Odels-bøndane, som no snart vilde vera Mythe.
Karl Magnus førde Orde. Han var sterkt uppglødd
yvi den unge Bergensaren som hadde tala Maal; soleis
skulde det gaa; paa den Maaten skulde Maalsaki vinne.
Russen var gild i Aar. Det var Folk med Aalvor; og
so var der so mange Bøndar. Gilde, støde Gutar, seige
230
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>