Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
som Bjørkekubbar; merkeleg gode, sterke Aasyn var
det paa dei fleste; og so blygdest dei ikkje for aa vera
Bøndar. Han gjekk alltid um Hausten og saag paa
Russen, fortalde han; saag etter korleis Aakeren stod;
um det var Grøde som var verd aa berge inn; han
hadde slik Glede i den Tanken, at kvar ny Haust gav
nye Vonir for Lande.
Men sumt var det som var flirande med. Som no alle
desse gamle, desse som gjekk og masa og aldri vart
ferduge. Heile Aare laag dei i Hie, süme uppaa Lande,
andre paa ein Hybel; ingin visste um deim; men til
Artium kom dei krekande fram, underlege og forkomne,
folkerædde, holsvoltne, slitne og bøtte, fælare og fælare
for kvart Aar, meir og meir lurvelege, yvigrodde med
Skjegg, med Ragg; ha-ha-ha, dei hadde Ragg! Gamle
Vidunderbø, han var daa endeleg berga; Karl Magnus
hadde sakna honom i Aar. Men no var det Lars
Risvold; han vart visst likso seig han. Karl Magnus hadde
loti laane han Pengar til Eksamensavgift i Aar... 10
Dalar Netto, reint burtkasta. «Ja han liver paa Laan
no,» sagde Strand. «Men han held seg fin likevel!»
svara Karl Magnus; «han rakar seg og gjeng med kvitt
Slips ... Det er det taapnaste du kann sjaa; alle Folk
trur han er Teolog! Han ser ut som eit Asen i
Messe-serk eller som ein Sau i Snibel» ... Di meir Karl
Magnus drakk, di høgmæltare vart han; og han fikta med
Armar og Akslir i ustanseleg Uro.
Ja det var mange av desse Landsgutane det gjekk
sjeis med, sa Strand. Mange naadde ikkje Artium;
andre rokk so langt, men ikkje lenger; süme stansa
med Andre-Eksamen; og ikkje faae døydde; vonde
Dagar og Slit drap mang ein Mann; og dei som naadde
fram var ofte utslitne. «Og dei fleste vert Teologar,»
sagde Olai Juberg med eit seint, rolegt Maal. Aa ja;
231
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>