Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Karl Magnus kjende deim, desse nye Bondeteologane;
dei var audkjende; mykje fæl Fant; tunge som
Kjøl-svin, med myrke, breide, fanatiske Andlit, høvelege til
Tukthusprestar eller Indremissjonærar... Men at
Bondegutar flest gjekk den Vegen var rimelegt. Dei var
upp-lærde til det, fyrst paa Aalmugskulen og sidan paa
Seminarskulen; naar dei kom her inn visste dei ikkje
kva Studering var; det einaste dei kunde var aa lære
Leksur og tru paa Skulemeistaren; og so tok dei
Teologien. Det kunde vera godt og vel, men ... Pokkeren
take han Gamle-Erik Pontoppidan. «Og Ramslæringa,»
sagde Strand. «Aa,» svara Karl Magnus, «den er ikkje
den verste! Naar det gjeld Pontoppidan trur eg
Rams-læring er det likaste; for dei som lærer seg til aa tru
at dei f o r s t e n d Pontoppidan, dei vert Tullingar reint.
Dei fær Fjøli for Augo og Ringen i Nasen so dei aldri
lærer aa tenkje sjølvstendigt. Nei; men den kateketiske
Metoden, Far! den er Ulykka! Det er beintfram
Upp-læringa i aa vera Ettersnakkar og usjølvstendig;
du skulde aldri sjaa slik Styggedom!» — «Aa, naar det
kjem til Stykke,» sagde Strand, «so er det
Dogma-tiken som maa ut or Skulen, skal det bli Folk av
oss.» — «Skaal, Strand!» sa Juberg. «Ja, ja; Heimen
og Kyrkja greider no Trui best dei,» meinte Karl
Magnus.
«Enn du daa, Aslak, vil du bli Teolog ?» spurde Strand.
«Aa langt ifraa,» svara Aslak, han smilte som eit Barn,
«eg vil ikkje vera noko Slags Embættsmann eg.» «Det
gjer De rett i,» sagde Karl Magnus. «Naar Folk kjem i
Embætte, er det som dei var daude. Dei vert bundne av
alt dette «foreskrevne», og so somnar dei av; kapslar
seg inn som Trikinar, og ét og drikk og avancerar
etter Anciennitet» ... «Ja, og so hev dei ikkje nokon
Vyrdnad millom Folk,» meinte Aslak; «dei er so
232
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>