Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
nautne at dei berre vert til Laatt. Og det dei røder
um er Løn og Pensjonar; og som dei ser ut! Naar du
ser slik ein gamall graa og sur og skakk og slitin Fut
eller Prest, so er det plent som du saag eit Par gamle
skeive, ut-trødde Sko!» Aslak lo lystigt; dei andre med.
Men Daniel var vond og kunde ikkje lenger like Aslak;
— aa segja nokon Ting imot kunde sjølvsagt ikkje nytte
i dette Lage.
Betre lika han seg, daa dei tok til aa fortelja Sogur
fraa «Fabriken». Strand og Juberg fortalde i Kapp;
Daniel lo so Taarine draup, og fortalde eit og anna
som han sjølv kunde hugse; dei Par Aari paa Heltbergs
Skule var dei gildaste han hadde livt! Karl Magnus
for-klaara, at Gamlen hadde gjort meir i vaart folkelege
Utviklingsarbeid enn nokon kunde rekne ut; han heldt
serleg fram, at so mange av Bondegutane fraa hans
Skule vart Juristar og Filologar. Og det vart tidt vaare
beste Folk. Til Døme vart millom andre Hærland nemnd;
og Strand sagde, at det einaste denne vanta paa aa
vera «fullvaksin» var, at han ikkje var Sosialist. Daniel
merka seg dette. Karl Magnus lagde imot; men det
kom seg vel berre av, at ikkje han heller var
«fullvaksin» i den folkelege Politiken. —
Strand og Karl Magnus og Daniel gjekk sistpaa heim
til Olai Juberg og drakk 01. Samrøda kom no inn paa
drjugare Ting; Strand og Juberg tala um sine Syndir
som nok ikkje var faae; og det var Gutar som ikkje
var bljuge for aa segja som det var til. Fælt so ufint
som slikt var naar det ikkje hadde rette Svingen, tenkte
Daniel. Han gav seg i Drøs med Karl Magnus; denne
var no eit Grand fløvin og tok til aa fortelja um ei
stor Uppfinning han arbeidde med; det var ei
Fljuge-maskine som han trudde vilde bli praktisk. Han grov
og leitte i alle Lommur etter ei Teikning han hadde
233
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>