Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
gjort til denne Maskina, men fann i Staden for den eit
Brev, som førde Tanken hans inn paa ei ny Leid.
Breve var fraa ein Skulemeistar som hadde misst
Posten sin, av di han var vel glad i godt Lag. Det
hadde fleire Gongir vori Ugreidur med han; til Slutt
hadde han gjort... gjort... «Skandale ?» spurde Daniel;
«aa ja»; og so vart han sat paa herr Bakke. No vilde
han her inn til Hovedstaden og søkje si Næring; og
det var ein glup Kar; men Karl Magnus visste at det
ikkje kunde nytte. «Ein Fyr som er avsett for Fyll!»
— Daniel hadde vondt av Skulemeistaren. Men naar
Folk ikkje tok seg i Agt...
«Ja, ja; det er det, som er Ulykka,» sagde Daniel,
han tok til aa faa vel mykje 01; det er det som er
Ulykka ... Folk vil liva godt og ... hava det godt...
i Staden for aa arbeide og spare. Tenar dei noko, so
gjeng det til Stas og Fjas; dei ét det upp og drikk
det upp... og sidan gjeng dei og drøymer og drøymer
og liter paa Slumpelykka; gjeng det gali, so kann dei
alltid faa Arbeid sidan ... Slikt gjeng aldri godt. Det
er Villmannskap! Bonden er ikkje lenger den ...
Odelsbonden, som han var i gamle Dagar; Garden hans stend
i Pant i Hypothekbanken... og so gjeng Bonden og
trælar for den; og det vert upp i Fant alt ihop. Det
hev vori sagt mange fagre Ord i Kveld um Upplysning
og Aandsliv; men ... ja. Folke maa lære aa arbeide;
det er Tingen!»
Strand sat og glodde paa Daniel med heite Augo; so
sette han i og svor paa, at den som sagde at Folke
ikkje arbeidde, han laug. Og den som sagde at Folke
livde for godt, han var eit Talghovud... Det kunde vel
hende at desse Proprietærane uppaa Kaksebygdi livde
som Naut og drakk Skogane sine upp i Sjampanje; men
dersom Braut trudde, at Bøndane i det heile var slike
234
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>