- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
235

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Skadedyr, so var ikkje han Mannen til aa føre det
store Ord i den Sak. Daniel stirde paa Strand; hadde
aldri set Maken til Augo: dei lyste brandgult som paa
ein Orm; «eg hev vel Rett til aa hava Meiningar, eg
og,» stota han. «Dei Meiningane De hev lært uppaa
Kaksebygdi, dei kan De hava for Dykk sjølv,» svara
Strand eggjande; «og elles hev De vel aldri havt meir
,Meiningar’ enn De hadde godt av, Herr Braut!» Daniel
var uroleg; han svara: «eg hev aldri vori Partimann...
Eg bryr meg Pokker um Politiken... Det eine Partie
kann vera likso godt og likso gali som det andre...
Skillingspolitiken, den hev eg no aldri trutt paa...
Lande vert ikkje rikt av aa knipe inn 20 Dalar paa
ein stakkars Pensjon ... Kannhende er det ikkje Gull
alt som glimar i denne Folkehøgskulen heller; hadde
Kandidat Meier fengi det Prestekalle han søkte...»
—«Hev Meier søkt Prestekall?» harska Strand i. «Han
hev kje so mykje som teki practikum!» skreik Karl
Magnus. Daniel kjende seg vaapenlaus og vart rædd.
«De vil kanskje prøve aa kaste Mistanke paa ein Mann
som Meier, De?» spurde Strand; «det er Fanden gale
meg det sjoflaste eg hev høyrt. Koma med beint ut
Lygn for aa sverte ein Mann, som hev sett heile sitt
Liv inn paa aa hjelpe Bonden! Meier er ein Mann som
skulde hava Takk og Vyrdnad av heile Lande; og minst
av alle tenkjer eg Herr Daniel Braut hev Rett til aa
tala um uægte Gull!» Strand eggja seg meir og meir
upp, og vart sistpaa so grov og leid, at Daniel ikkje
saag seg onnor Raad enn aa koma seg av Garde. Med
tungt Hovud rusla han heim; han hata Strand og heile
Hurven; det var reine Raaheita alt ihop. —

— Um Morgonen vakna han fyllesjuk og leid. Det
siste av Gaarkvelden hugsa han uklaart; laag og stræva
i pinefull Uro med aa draga seg det til Minnes; og di

235

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1944/0237.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free