- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
236

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

meir han hugsa det, di sveittare vart han. Aldri i Verdi
torde han koma til Jens Rud no; han fekk skrive til
han, og helst med same.

Han skreiv. — Og fekk skriftlegt Svar. Stutt og
ro-legt. Jens sende han ein Setel som gav han Rett til aa
hevja 10 Dalar Maanaden hjaa Sakføraren hans; 10
Dalar, smaatt Stell, tenkte Daniel. So lova Jens at han
skulde sjaa og finne Arbeid til han; naa, det vert vel
ikkje so braadt, tenkte Daniel. Sistpaa Helsing fraa
Kapellan Hirsch, som var i Tyskland, men venta seg
heimatt til Vaaren; naa ikkje fyrr, tenkte Daniel.

Men av Tonen i Breve tok han den Tanken, at Jens
ikkje lenger vilde hava noko Kjenskap med han. Daa
kom det noko ubljugt og kaldt upp i han; og han sagde
for seg sjølv: «godt og vel! Likso godt at dei veit det;
so er eg kvitt deim.»

Men han lika seg ikkje rett. Han hadde liksom ein
Usmak av seg sjølv; og han tenkte med Fælske paa, kor
fint Jens Rud kunde smile. —

— Paa dei teologiske Fyrilesningane kom han til aa
trivast godt. Han merka nok at han hadde gløymt
ymist av sin Artiumskunskap; og mangt av det som ein
her burde kunna hadde han aldri visst; han fekk taka
seg Aalvor fyri og lesa, so snart han fekk Stundir til
det. Men sjølve Teologien vart han glad i; og det var
noko Tøv, det Karl Magnus hadde sagt um denne
Lærdomen. For her var meir enn nok til aa prøve Tanken
sin paa, og meir enn nok til aa granske. Mest
dag-stødt kom Professorane inn paa djupe, vande
Spurs-maal, som stundom var so svære at han aldri hadde
tenkt det kunde finnast slike i Trui. Men di sværare
dei var, di gildare var det; for han visste alltid so trygt,
at Professoren vilde vita aa greide deim til Slutt paa
den rette, fyriskrivne Maaten.

236

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1944/0238.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free