Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Ein av dei fyrste Dagane raaka han Haugum, som
han helsa paa med stor Glede; med honom skulde han
vel finnast att. Men Haugum viste seg aa vera den
same som han hadde vori, kannhende heller eit Grand
stridare. Han gjekk so vidt, at han kritisera sjølve
Professorane; og alt som ikkje var etter hans Hovud,
det var «aandlaust» og meiningslaust og ravgali paa
alle Maatar. Daniel kunde ikkje like slikt. Det var
Fanatisme; og han skyna at der ikkje var Raad med
Haugum. Sidan tala dei sjeldan um høgare Spursmaal;
Daniel kunde ikkje vera som han vilde naar han rødde
med sin gamle Vén.
Um Kjærasten til Haugum fekk han vita at ho ikkje
var so rik som ho kunde ha vori; Far hennar hadde
sett mest alle Pengane sine i Skipspartar, og hadde havt
svære Tap i seinare Tid. «Er det den fyrste du hev
elska dette?» spurde Daniel. «Aa langtifraa,» svara
Haugum og lo; «eg hev elska so mange!» — «Ja men
for Aalvor?»–«For Aalvor hev eg berre elska ei
fyrr, og ho narra meg.» — Um ei Stund heldt han fram;
«det er sant: kor liver Hanna Stensrud? Ho er ikkje
forlova enno?» — «Ikkje det eg veit.» — «Hm, rart
nok! Ho var so gode Vénir med ein Løytnant her
inne ... süme segjer med tvo. Men dei fann henne vel
ikkje rik nok.» Daniel vart uroleg; «er ho ikkje rik?»
spurde han. «Aa jau; for oss so —. Kannhende du
tenkjer paa henne?» — «Aa langtifraa!»
Elles hadde dei fleste vorti meir eller mindre
um-skapte; noko som ein ny Håm hadde lagt seg yvi deim;
det var vel den akademiske Borgarskapen. Süme hadde
laga seg so um, at dei lite var attkjennande; det galdt
vel um Teologane mest. Der gjekk t. D. Johannes
Or-tvedt reint som ein ny Mann; han var svartklædd og
høgtidsam, og smilte men lo ikkje lenger. Jens Rud las
237
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>