Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Jus; men det vart fortalt at han vilde heim og bli
Gardbrukar. Markus Olivarius studera «Jus, Filologi,
Teologi, Medicin og andre Vitskapar», og «visste alt som
andre ikkje visste». Aslak Fjordan var farin til
Amerika; «det var ikkje Raad at ein akademisk Borgar
kunde gjera noko til Gagns her i Lande», skulde han
hava sagt. Sven Dufva laag paa Lande og kvilte Hovude
sitt; Gregus Johnsen laag paa Lande og «samla
Inntrykk» ; Rødberg for ikring paa Vestlande og var
Lægprædikant. Det vart i det heile sjeldan noko av det
med Bondestudentane, etter som Daniel kunde skyna;
dei som kom nokon Veg var dei som slog seg paa
Teologi.
— Paa ei Ettermiddagsfyrilesning raaka Daniel sin
gamle Skulekammerat Kristian Bliland; det var berre
med Naudi dei kjende kvarandre att. Dei hadde mykje
aa drøse um no; og Daniel fylgde Kristian heim paa
Rome hans. Det viste seg at Kristian var den same
i Lag og i Aatferd; men Meiningar hadde han skift um
ymse Ting; og daa vart Daniel so glad, at han vaaga
seg fram med mykje av det han elles ikkje torde
tala um.
Dei samdest rett godt. Kristian vilde fylgje dei
«folkelege», naar han berre kunde vera stød paa at dei ikkje
gjorde alt for fast Samlag med Grundtvigsmennane; «ja
er det ikkje det eg ög er rædd?» sagde Daniel; «dei er
Grundtvigsmennar mest alle ihop; og mange er reine
Rasjonalistar!» — «Ja, Rasjonalistane er no ikkje so
faarlege,» svara Kristian rolegt; «det er dei
grundtvigske med sine Folkehøgskular og alt det —; skulde
dei faa Inngang i Folke ... med sin Pelagianisme og heile
sin flaae og grunne Kristendom... so Gud hjelpe oss.»
— «Det er sant,» sagde Daniel; «og no er dei alt komne
so langt at dei tek til aa snakke beintfram um aa taka
238
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>