- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
240

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Fru Louise var alltid hyggjeleg; og so lærde han formel
Daning i det Huse. Grosseraren kom Daniel til aa like
betre og betre etterkvart. Det var ein vitug Mann; og
han var ikkje so materialistisk heller som fyrr; det var
som han fekk meir og meir Vyrdnad for den akademiske
Daning etterkvart som han saag, at det var fraa den me
maatte vente den største Hjelp mot Frasepolitiken.
Student Stensrud og hans Vénir vanka jamt hjaa Storr;
Daniel vart so halvt um halvt kjend med süme av deim;
og han fann ut etterkvart, og vart glad ved det: at paa
Botnen var dei ikkje so overlag fine endaa.

Noko anna tok han au til aa skyna som gjorde ’n
godt: Folk flest var visst ikkje stort sjølvstendigare
enn han hadde vori. Det var nok ein heller aalmenn
Ting det, at Folk laante sine Meiningar av andre; og so
vart dei sjølvstendige med Aari, etterkvart som desse
laante Meiningane grodde seg fast i deim. Daniel hadde
ei Kjenning av, at han snart skulde vera likso
sjølvstendig som nokon av dei andre; Halvor Mosebø kunde
for den Skuld vera kor han vilde med Fyrilesningane
yvi Etiken.

Meir og meir lærde han aa forstaa, at det ikkje kunde
nytte aa «tru paa Bonden». Han hugsa den Kailen,
som han gjekk burt etter Bygdine skitin og svart og
grov i Moldi og tenkte berre paa det som gav i Gryta,
full av Hat og Mistru til Autoritet og Daning og
Upplysning ... Skular vilde han ikkje hava; Jensens
Lesebok var Djevelskap; vilde ein lære han Folkeskikk, so
berre vart han vond eller gjorde Gjøn; og Statssakir
hadde han so lite Tanke um, at han lét seg køyre i
Ring av Jaabæk; og denne Bonden skulde vera
Landsstyrar! I Grunnen var det vel ingin som meinte slikt.
Dei som sagde det hadde sine eigne Fyrimaal...
Hjelpe Bonden fram ? Bonden vilde ikkje fram. Han

240

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1944/0242.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free