- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
241

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

kunde ikkje koma fram heller; han hadde ikkje Raad
til det. Han laut slite all sin Dag for Maten til Munns;
han fekk ikkje Stundir til aa lære. Det nytta ikkje aa
snakke um slikt. Det var berre dei som hadde Raad,
som kunde vera upplyste. —

— Med Pengar hadde Daniel vandt um aa klara seg;
9g verre vart det. Og endaa laut han stundom hjelpe
andre. Lars Risvold kom upp ein Kveld og sette seg
til aa prata... Daniel skyna so godt kva han vilde, og
ynskte Fyren til Bloksberg. Men dersom no den
Stakkaren gjekk og svalt ? so skulde ein hava det paa
Sam-vite, um ein svara nei... Det var sant det gamle Orde,
at Armod var Synd. Slike Gagnløysur som gjekk og
livde av aa plundre sin Næste, dei fortente aa svelte,
naar alt kom ihop. Fleire slike Stakkarar kom; millom
deim Peder Monsen, som vilde laane ein Dalar til i
Morgo; han fekk med det same Tilføre til aa fortelja,
at han ikkje hadde sagt noko til Jens Rud um den
Pipekonserten — hm. Ein Kveld kom Bent Bu; han
helsa paa Daniel som «Skulekammerat» og var «gamall
Kjenning». Daniel hugsa ikkje Fyren, ikkje Namne
dessmeir, men torde ikkje anna enn halde gode Minur;
han reiv i 01 og drakk Skaal for «gamle Dagar» og var
i si verste Beit. Men Bent Bu fortalde med Laatt og
Gaman um korleis han hadde freista Live. Svolti hadde
han tidt og traadt; meir enn ein Gong hadde han livt
i Dagevis paa berre kaldt Vatn; men like kaut hadde
« han vori kor som var; og so hadde han havt det godt
med, süme Tidir. Millom anna hadde han skrivi i
Avi-sur, laga ihop Skrynjur og selt dei til «Posten» for ei
Mark Stykke, og anna slikt; men det beste Spikke han
hadde gjort, det var daa han heldt Strid med seg sjølv i
«Bondevennen» og «Posten» um Folkehøgskulen. Skreiv
fyrst eit Stykke i «Posten» under Merke «Audiatur et

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1944/0243.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free