Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
ningar, og ein Mann som kunde vera teologisk Kandidat
um tri Aar ...
Han stræva lengi, fyrr han fekk Friarbreve i Stand.
Det skulde som alle slike Brev vera kjærlegt; men so
skulde han ikkje segja meir heller enn han kunde svara
til, naar han raaka Kjærasten sjølv. Daa han var ferdug
og hadde skrivi Utskrifti, vart han med ein Gong
modlaus. Det var liksom so fælt, dette-her. At det skulde
gaa soleis med Daniel Braut hadde han ikkje drøymt
um. Og Inga Holm var nok ikkje so gløymd som han
hadde tenkt. Stakkars Inga! Enn um ho no hadde
gjengi i alle desse Aari og venta paa han? Han hugsa
Middagslage i Klokkargaarden; han saag henne i den
koselege Klokkarstogo, søt og ung og fordrøymd; og
der var Sol inne og ute, og Lauve i Hagen blakra i
Sümarvinden og kviskra um forlokkande Ting... Med
Magt laut han drive burt Draumane. Hadde ikkje sjølve
Kapellan Hirsch gift seg til Pengar? Hende ikkje slikt
kvar Dag? Det var dei som gifte seg med 40 Aars
Gjentur for Pengar; og Hanna var daa berre sju-otte
og tjuge... Og so var han nøydd til, for Fanden!
Han stakk Breve i Lumma og flaug paa Dør; best aa
faa det av Stad, fyrr Tankane snudde.
Daa han kom paa Gata, strauk det framum han ei
Ungmøy som var so dragande ven; strakst etter ei til;
og endaa ei... friske, jomfruelege, blømande av
Ungdom; varme, glade, daarande, forlokkande; han sukka
av Saknad; Verdi var full av fagre Møyar, Møyar som
Lii jur, Møyar som doggf riske nysprungne Rosur; men
han... Naa; um nokre Aar var dei likso gamle som
Hanna Stensrud; han var ein Fatigmanns Son og fekk
ikkje krevja det beste; naar han fekk Pengar skulde
han nok greide det... Men daa han kom til Postkassa,
vart det med ein Gong klaart for han, at det kunde
drygje med Breve til i Morgo.
247
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>