Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Paa Heimvegen dreiv han innum Karl Magnus; hadde
ikkje Hug til aa vera aaleine. Der sat Dølen og prata;
men det høyrdest ut til at han var i Ulag, han med.
Han jamra yvi, kor lite Hjelp han fekk, og kor armt
dette Lande var aa liva i for Folk som honom. Han
heldt seg sjølv for so god ein Mann, baade med
Kun-skap og med Gaavur elles, at i eit større Land kunde
han havt det romt; men her vart han Ekstraskrivar.
Og sistpaa tok dei ifraa han den Biten med, so han berre
hadde sin arme «Døl» aa halde seg til; og den vilde
mange lesa men faae betala. Skadebot for det han ved
sin ærlege Tale hadde misst kunde han heller ikkje faa,
og det endaa han meinte han hadde gjort likso mykje
til Framhjelp for ein norsk Bokavl han som süme andre.
Nei; ein skulde gjera Guano i dette Lande; det var
det einaste Folk brydde seg um. Dette Lande var eit
Fjos og ikkje ein Folkeheim; og naar Kui fekk sitt
Vombfyll, ho, so var ho fornøgd. Det kunde ikkje nytte
aa bjode fram Varur som Folk ikkje vilde hava; og kva
Fanden brydde Nordmennane seg um Norskdom eller
Guanokratane um Dikt? Regjeringi var eit Hønsehovud
som ikkje forstod seg paa anna enn det aandeleg daude;
og Storthingsbøndane dugde ikkje til anna enn til aa
vera Rovediltarar for Presten. Haa! haa! jau det var
Statsmennar! Dei gav 1000 Dalar til kvar gamall Prest
som ikkje lenger kunde gøy, og skalv i Kneom so snart
dei saag Fjøri i Futehaten; men kom det ein Mann som
vilde skaffa Tankar inn i alt dette Fleske, so fekk han
gaa til Fatig-Kassa; kvi Fanden gjorde han ikkje Flesk;
han som dei andre? Ein kunde stundom tru at desse
Samrøringane hadde Rett i, at Lande var for lite til
aa vera eit Rike, eller at det ikkje var noko Land, men
berre ei Samling av 400 Prestegjeld, som aldri kunde
lære aa tenkje anna enn Fatigmanns Tankar; og
Vaarherre maatte vita um dette nasjonale Stræve vaart i
248
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>