- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
249

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Grunnen var anna enn tome Draumar, bygde paa
Gravhaugar og gamle Eventyr.

Karl Magnus gjekk og dreiv i ein gamall vid, slitin
Slengfrakke og høyrde paa dette; stundom stana han
framfor Spegilen og greidde sitt svarte Skjegg; uroleg
og underleg var han; Daniel bad Gud fri seg for aa verte
gamall Student. Stundom freista Karl Magnus aa koma
til Ords, men det nytta sjeldan; Dølen vilde tala sjølv.
Kva skulde han vel tru, spurde han, naar han saag kor
lite dei norske Odelsbøndane brydde seg um baade Maale
og Lande sitt? Dei gav sjuttan i heile Stasen og drog
til Amerika; det var den Hjelpi, me fekk av deim. Og so
sat han der, han stakkars Kroken, i sitt kalde Kammers
og skreiv og skreiv, og blés paa Fingrane so dei ikkje
skulde valne, og lo og slog seg glad til aa sleppe aa
graate; og dei las og lo og hadde Gaman og totte den
Dølen var ein trøysam Kar; men dei vilde ikkje hjelpe
han so mykje som med lite Skriving dessmeir, so han
kunde faa Tid til aa arbeide paa slikt som betre kunde
vise kva han dugde til. Og var det ein Gut som det
var Von i, so skulde du mest jamt sjaa at han døydde
fyrr han vart mogin. Smaaruske og Skrape, det greidde
seg; for det kunde live seg under kvar Tuve; men var
det eit Ungtre som skaut seg upp, so vart det broti av
Ver og Vind og vonde Dagar; og det verste var at ein
laut segja dei var sæle som fara fekk. Som no denne
Hærland’en. Det var just slik ein emneleg Gut; ein
som Dølen hadde venta seg Hjelp av i sitt Stræv...
no laag han der! Dølen grét. «Hærland? døyr han?»
skvatt Daniel upp. «Ja,» svara Karl Magnus. «Han hev
galopperande Tæring!» jamra Dølen.

Daniel reiste seg og sagde Godnatt. Døydde Hærland,
so laut han taka Skulen... Han strauk ende ned til
Posthuse att og lagde Friarbreve i Kassa.–

— Svaret kom forunderleg braadt. Ho elska, hadde

249

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1944/0251.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free