- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
250

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

elska, vilde elske; og ho hadde den visse Von, at Far
vilde samtykkje; no kom han snart til Byen, so Daniel
kunde tala med han... Daniel sagde fleire Gongir til
seg sjølv: no hev eg vunni.

Proprietæren meinte han at Fru Storr vilde greide
best. Ho var snild, og ho visste köss ein skulde taka
Gamlen; Daniel gjekk til henne.

Fru Louise tok imot han smilande og mild. Og
skalkut: «De er nok en Hjerteknuser, De?» Han svara
for seg som han best kunde og spurde kva ho meinte
Proprietæren vilde segja. Ho drog paa det eit Grand:
«ja Papa, ser De, han har sine Griller» ... «Og je eier
jo ingen Ting» ... «Naa,» smilte ho, «Di vil snart ha
Embedseksamen, og Embede er saa godt som Arv; men,
ser Di» ... Ja var det noko anna, sa Daniel — han
saag paa Fru Louise med Augo som gjenom Brilleglasi
saag karakterfaste ut —, «so vil eg beda Dykk segja
Proprietæren, at det eg lærde av honom, det hev eg
tenkt yvi; og no er eg ... no er eg s j ø 1 v s t e n d i g!»
Daniel Braut sveitta. Ho heldt fram, liksom ho ikkje
hadde høyrt dette siste: «ser De, Far er so gl a d i
Hanna; han vil ikkje vera av med henne, er eg rædd;
men, Herre Gud! den djerve hev Lykka med seg...» —

— Det var ein fager Dag i Slutten av Mai. Alt hadde
greidt seg paa beste Maate. Og Proprietæren hadde
ikkje vilja høyre eit Ord um, at Ver-Son hans skulde
gaa og træle med Skulemeistar-Arbeid; han skulde taka
sin Eksamen; det vart nok Raad med det. Og gamle
Stensrud hadde vori berre hyggjeleg.

No var Daniel Braut paa Vegen til Danseskulen.
Trulova Mann maatte kunna danse; og no hadde han Raad
til at koste Lærdomen paa seg og. Han drog seg
mak-legt nedetter Gata i den unge Solglansen; og han kom til
Lags med seg sjølv um, at han i Grunnen var vel farin.

Han var komin so langt, at han var trygg for seg.

250

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1944/0252.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free