- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
257

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

saagu av paa Sjappa, det første je gjorde i Dagmaares,
og slaa paa ’a noe 01, for aa døyve ’a saad’n foreløbig;
men der maa nok mer til!» — «Mh? er du saa flott at
du holder Samvittihet, du? Det maa je si’;» Blytt lo.

«Ja men Jøssu Nam, slik som vi slo oss lause i
Gaar-kveld!»

«Mh, mh, va ’ke saa farli det; ikke saa farli det nei.
Nei. Ja du ble’ altid lidt krakilsk du paa Slutten, du ja;
det er sandt.»

«Jøsses; je vilde banke opp alle Mennesker,» brumla
Bjølsvik.

Det galdt um aa faa Plass, fyrr «Pøblikum» kom.
Det fekk dei; der var eit tomt Bord ved Langveggen,
rett imot Disken. Der kunde dei sjaa alle som gjekk
ut og inn, og det lika serleg Blytt. Og no skulde dei
drikke «en aldeles syndig Masse 01»; Bjølsvik var so
tyrst «som et Par gamle Støvler paa et Tørreloft»; og
Samvite hans var «saart som ein Bankebiff». «Hei,
Jakob Skomaker! 01 i utrolige Kvantiteter!» Han sette
i so Veggine kunde rivne.

Øle kom. Dei gav seg til aa smaaprata um i
Gaar-kveld.

Dei hadde vori i Middag hjaa Redaktør Klem, og der
hadde dei havt det godt; men daa dei so endeleg rangla
paa Heimvegen, so skulde dei innum paa «Fallgruben»;
og der vart det Pjolter, maa-tru. «Diverse Pjoltere.»
Herregud, det var Laurdags Kvelden. Og so hadde dei
daa sistpaa komi paa «saad’n en liten halv kvart». Det
kunde ikkje nytte aa negte for den Ting.

Og so hadde Bjølsvik brüka Munn, fyrst paa
Hus-inspektøren som kom og gjorde seg vigtig — han burde
havt meir, meir! sa Blytt; ja Gu! sa Bjølsvik —, og
sidan paa Komediant Hornemann. Det var um Fru Nina
Bøckmann, dei tvo hadde falli ut. Bjølsvik hadde sett

17 — Garborg I.

257

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1944/0259.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free