- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
258

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

seg paa Mose Stol og sagt, at slikt eit gift Kvinnfolk,
som ikkje var fornøgd med den Mannen ho hadde, men
gjekk og strauk seg uppetter alle Buksebein som ei
gamal Kjette, ho burde, Fanden tordne, bli sauma i ein
Sekk og søkt i Myri. Og so var det ikkje noko ho vilde
heller. Hadde det endaa vori det. Men nei! Det einaste
ho vilde var aa eggje Mannfolki upp, so dei skulde gaa
der som Geitebukkar og gjera Kur alle sitt Livs Dagar.
Daa hadde Hornemann, som nok sjølv i denne Tid gjekk
paa Friing til Fru Bøckmann, reist seg og sagt, at den
som førde slik Tale um ei Dame, og ikkje hadde annan
Grunn for seg enn det lausaste Karljohans-Snakk, han
var ingin Gentleman! Der vart eit Helvites Uppstyr.
Sistpaa gjekk Bjølsvik Berserkgang og vilde like i
Strupen paa Hornemann; dei hadde löti brüka Magt til aa
faa Karane skilde.

Dette sat dei no og friska uppatt for kvarandre, og
Bjølsvik ruska seg i Haare og banna og lo; for dette
var baade leidt og løglegt. Og det gjorde so godt i
Samvite aa faa det lagt fram.

— Dansen slutta, og Dansarlyden kom sigande fraa
Salen i langt Drag, slitande seg inn gjennom Døri med
Laatt og Leven, heite og raude som kom dei or
Koke-gryta. I ein halv Minutt var alle Stolar og Benkir
fullsette, so Folk mest sat i Fange paa kvarandre. Ein
Mann av Festnemndi dreiv att og fram med ei blaa
Sløyfe paa Kjolekragen, skygnande rundt seg med
aal-vorsame Inspektør-Augo, helsande ender og daa.
Ør-smaae Gutar med store Nummer paa Bringa bauta seg
gjenom Stimen som Lakseungar i eit Stryk; dei skulde
rundt i alle Rom med 01, Brus, Selters, Vin, Kakur
og Sigarar.

Blytt, som heile Tidi hadde Augo med seg, skvatt upp
rett som det var og sa: «mange vakre Smaapiker her!

258

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1944/0260.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free