Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
mange vakre Smaapiker!» Tilslutt kom det ei, som han
vart reint forgjord etter. «Se, se, se; nei se! ser du?
Julie Lindner! ja. Hun i den brune Fløiels —; hun som
gaar med Georg Jonathan; ser du? brun, brunett,
rødbrunt Haar; nydelig Pike. Nydelig Pike.» Han sat og
stirde som han vilde stire sine runde brune Augo ut or
Hausen.
«Jøss, flott Gjente; ho er paa Kontore hjaa denne
halvgalne Grosserar Storr,» sa Bjølsvik rolegt. «Han
fær visst snart Kontore fullt av Kvinnfolk, den Fyren;
han vil motarbeide Emancipasjonen, segjer han. Jadaa.»
Blytt undrast paa, um Georg Jonathan kunde klara
aa vera Kontorchef hjaa Storr, naar so var.
«Harem-chef,» lo Bjølsvik. Dei vart øl-lentuge og tala meir um
Haremchefar; strakst etter var dei inni eit Ordskifte
um, kva som kunde vera verst eller best, Fleirgifte med
Haremsskikkar, som Tyrken hadde det, eller Eingifte
med Prostitusjon, so som det var hjaa os. Men Bjølsvik
var ikkje heilt med; han undrast paa at han ikkje saag
noko til Dagmar Dyring. —
— Snart etter var Dansen i Gang att der inne, og
gjekk med sitt faste, sopande Taktslag som ein stor, lett
pustande Maskin. I Døri til Salen stod fleire Karar og
saag paa. Det var mest Ungkarar, og dei hadde vel
kvar sitt aa sjaa etter. Men ein i Flokken var
Ægte-mann; og denne eine var Daniel Braut, cand. theol, og
Lærar i Religion m. m. ved ein av dei lærde Skulane.
Han hadde meldt seg inn i dette Lage, daa han vilde
hjelpe til med aa faa burt det Styre som no var, og som
etter hans Meining øydelagde Arbeidarsamfunde, gjorde
det um til ein politisk Klubb. At han var komin hit i
Kveld kom seg av, at han vilde sjaa etter korleis det
i rette Røyndi gjekk for seg her nede; han hadde høyrt
so ymist um desse Danselagi i Arbeidarsamfunde. Enno
259
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>