- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
260

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

hadde han ikkje set noko større. Ungdomen var alltid
mykje gladare enn kristsømelegt kunde vera; og
Kandidaten hadde set seg forarga paa baade det og det;
men noko som ein serskilt kunde ha aa halde seg til
visste hen enno ikkje aa nemne. Den einaste som hadde
gjort lite Skandale var hans gamle Kjenning Knutzon;
han hadde vori her med eit Par Gjentur som F(estnemndi
ikkje vilde vita av; men kva skulde ein segja?
Stakkars Knutzon; ein fekk ikkje døme han altfor strengt.
Me kjende Knutzon.

Men Kand. Braut vilde vente til seinare, naar Folk
vart fulle. Det skulde gleda honom, um alt vilde gaa
nokorlunde skikkelegt heilt til Slutten; men han hadde
sine Tvil. Den Aand som gjekk gjenom
Arbeidarsam-funde no, den var ikkje av det gode.

Han hadde for ei Stund sluppi fraa Kona si. Her stod
han no og drog i sitt brunraude Skjegg og glodde; og
Augo hans tok smaatt um Senn til aa glinse under
Gull-brilleglasi.

Det var Galoppade; Salen tok seg ut som ein Sjø i
Smaatoppar.

Han var i denne Stundi ein Mann paa sine 36 til 37
Aar. Men Dansen og Stimen og Gleda drog han med
seg, so han meir og meir gløymde kven han var, og lét
Djevelen paa ein reint uforsvarleg Maate faa Magti med
sine Tankar.

Han fylgde med Augo desse lange Radir av
Ungmøyar, der dei svimra av Stad paa dansande Føtar som
i ei søt Ørske; han saag dei unge Barmane, halvt løynde
og halvt synte av nette, lette Kjoleliv; han saag kvite
Halsar yndefullt bøygde; han saag fine ungdomsfaste
Mjødmir voggande i Dansen; trufast var dei fangtekne
av djerve Mannsarmar, liksom Dansen skulde vera
æveleg; han saag smaae, haarfagre Kvinnehovud, som

260

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1944/0262.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free