- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
262

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

si og fortalde, heilt raud i Kamben, at han hadde set
Kruse, Studenten, han som budde heime paa deira
eigin Kvist, Laurits Kruse ja, nett han, Gutungen,
Gute-kvalpen, ikkje turr um Øyro endaa; hadde set denne
Gutungen, denne Kvalpen, gaa her og luske paa
Ar-beidarball og sjaa etter Tausir. Fru Hanna vart reint
forundra; ho hadde sjeldan set sin snilde Daniel taka
seg ein Ting so nære.

Men ho gjekk med paa, at dei gjerne kunde hava eit
Auga med Guten i Kveld. Det vilde vera vondt for han,
um han skulde koma ut-i noko; og dei hadde dessutan
Andsvar for Presten Borch, daa det var denne som heldt
Kruse fram til Studeringar.

— Student Kruse, vesle Laurits som han heitte
mil-lom Kjenningar, brydde seg lite um Vertsfolke sitt i
Kveld; han hadde anna aa tenkja paa. Han hadde set
att Dagmar Dyring.

I Vaar, daa han saag henne fyrste Gongen, paa desse
Ettermiddagsfyrilesningane til Professor Sars, hadde ho
ikkje vori stort meir enn Barne. Men dette Barne med
dei mjukstraalande Augo og Huldrehaare ned-yvi Akslir
og Rygg hadde vesle Laurits huglagt. Utetter Sumaren
hadde han drøymt mykje um Dagmar Dyring; ja i sjølve
den Tidi daa han laag i Valdris med Morbror Borch,
Presten, og gjekk og leid vondt for den Tenestgjenta
hans, hadde ung Dagmar vori hans stille Draum. Men i
det siste hadde ho bleikna noko burt for han. So var
han komin hit i Kveld, innhjelpt av sin «flotte Fætter»
Georg Jonathan; og noko av det fyrste han her skulde
sjaa, det var Frøken Dyring.

Sidan hadde han set paa henne.

So mykje han kunde daa; for i ein Folkemengd som
denne var det ikkje greidt. Verst var det daa ho tok
til aa danse. Laurits var ikkje so høg som mange an-

262

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1944/0264.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free