- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
263

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

dre, og kor han kom var det stødt nokon i Vegen. Men
han heldt ut. Han stod og tøygde seg paa Taa etter
ein Skimt av henne, sveita i Folkestimen, pusta Dumbe
og brend Gasluft so han vart turr i Halsen; men det
gjorde ikkje noko; og daa han endeleg hadde arbeid
seg fram til ein god Plass, i fyrste Radi av Glaamarar,
var der ikkje den Magt paa Jordi, som skulde kunna
faa han herifraa, — tenkte Laurits.

Det glødde upp i han, kvar Gong han saag ung
Dagmar vinne seg fram or Dansestimen, liksom ei Stjerne
lyser fram millom drivande Skyir. Kva dei andre vilde
her, naar ho var med, skyna han ikkje rett. Dei kunde
vera smaa-vene og nette og ikkje ille; men om det so
var Julie Lindner, ho kunde ikkje staa seg, naar ho kom
paa Sida av Frøken Dyring.

Ho var Dronningi; det var ikkje Spurlag um det.
Laurits var rædd han kom til aa elske henne for
Aal-vor. Det var ikkje berre det at ho var so ven; det var
noko ved henne som var reint serskilt; noko fornæmt,
urørlegt, og so noko uendelig dragande og mildt; dei
tvo Ting ihop —; der var ikkje Ord for det. Han saag
med Aahug paa den myrke ullne Kjolen, som fall ned
fraa Mjødmine so lett og ædelt og jomfruelegt; han
lagde Merke til den Maaten ho vogga seg paa i Dansen,
og desse Aksline som enno minte um Barne; det var
so jomfruelegt alt; so stolt og reint og jomfruelegt;
han vart kløkt av det. Ja, det var det ho var:
jomfrueleg. Orde Jomfru fekk Meining for Guten; det var
eit heilagt Ord.

Den ho no dansa med var ein Student Frigstad, som
Laurits hadde drukki Dus med i Russelage ein Gong,
men sidan aldri raaka. Denne Frigstad gjorde seg til
for henne, som rimelegt var; og det saag ut til at ho
tok det naadigt upp; men, Gudskjelov, ikkje meir enn

263

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1944/0265.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free