Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
naadigt heller. Likevel gjorde det Laurits vondt, naar
han saag henne smile til Prigstad med dei smaae kvite
Tennane sine; ein kunde aldri vita kva som laag under
slik ein Smil; i alle Fall kunde han Fyren gaa og gjera
seg Innbillningar.
Daa Galoppaden slutta, saag han, at Frigstad baud
henne med inn i Restaurasjonen. Laurits arbeidde seg
der inn so fort han kunde. Han fann seg ein Krakk like
ved det Borde der Blytt og Bjølsvik sat; med det same
han hadde funni seg til Rettes der og sagt Godkveld
til dei Fyrane, saag han henne i Døri. Roleg og trygg
kom ho inn yvi Golve, lydande naadigt til Frigstads
Ord; men daa ho saag Bjølsvik, raudna ho; Laurits,
Stakkar, saag det tydeleg.
Det var svært som han kolna av dette. Han sat ei
Stund og glodde; kunde ikkje tenkje noko vidare; kjende
paa seg at han hadde vori Tosk att. No som stødt. Det
var vel sant det som hadde vori sagt, at Bjølsvik var
Friar her; kvi skulde det ikkje vera sant? Og daa, so.
Bjølsvik var Kunstnar. Godt Namn; staut Kar; lystig,
djerv, morsk, med Maal fraa ei Sjøbygd; gildt Skjegg,
veldug Bass; anna til Kar enn ein liten Filolog. Laurits
var ikkje i Lag lenger. Men no song Bjølsvik upp.
— Ja «Kvindens Underkuelse», ja! Naar dei skulde
vera nøydde til aa... klæde seg «saadd’n heller lett»,
lettare enn her i Kveld, Gubbevars, um det skulde vera
fint, — for so og so mange framande Mannfolk som
gjekk og saag paa denne Utstelling, og so dei skulde
hoppe rundt i ein stor Sal halve heile Nætane i Armane
paa kven-som-helst, til dess dei ikkje var anna enn
Vaskefillur, — so kunde ein vel tala um «Kvindens
Underkuelse» ?
Bjølsvik saag vill ut.
«Undskyld,» sa Frigstad med Uttale fraa Sunnmøre;
264
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>