- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
265

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

«jeg ska gjøre opmerksom paa, at Frøken Dyring ikke
danser med hvemsomhelst.»

Bjølsvik sette eit Par Augo paa Fyren; det var Eiter
og Mord og Brand; Laurits kvakk og trudde det vart
Slagsmaal. Men Dagmar gav Frigstad Armen, og dei
gjekk inn i næste Rome, so det vart ikkje meir av.
Bjølsvik sat etter og knurra som ein Bjørn, myrk um
Augo, sveivande paa Munnskjegge.

Her var ikkje Moro lenger. Laurits stod upp og drog
seg utigjennom; han tenkte paa aa gaa. Kva skulde
han her? Han vilde heim og leggje seg.

Daa han kom ut paa Midtgangen, raaka han Dagmar
og Frigstad. Dagmar var bleik og saag trøytt ut;
Frigstad stod og saag seg ikring, liksom han søkte
Rett-leiding.

«Undskyld,» kom han farande, «er De kjendt her?
tror Di at —; naa, vi er visst forresten Dus! Takk for
sist du! Længe siden, hva? Hvordan staar til? Godt?
Javel. Si mej Di, si mej du, er der et Dameværelse her;
eller er Bestyrelsesværelse disponibelt? Denne Dame er
lidt træt, og — undskyld; det er Frøken Dyring; Herr.
Studiosus theologiæ» — «filologiæ», retta Laurits;
«undskyld, det er saa længe siden; men som sagt, i
denne Stimmel er ingen af de rette vedkommende at
opdage...»

Laurits bukka for Frøken Dyring, men saag ikkje ut
som han kunde rettleide nokon. Daa høyrde han til
si store Hjelp og Glede Markus Olivarius læ inni
Styrar-Rome. Han vart modig; «jo,» sa han, «der kan De vist
gaa inn.» Han gjekk inn sjølv fyrst, og dei tvo andre
fylgde etter. —

— Inne i Restaurasjonen vart det livlegare og
livlegare. Det gjekk eit Skravl gjenom Romi so der lite
var høyrande Manna Maal; han med Inspektøraugo

265

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1944/0267.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free