Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
gjekk og glodde; Smaagutane med Nummeri paa Bringa
skvatt ut og inn gjenom Dørine med sine Flaskebrett.
Fleire av Vindaugo stod uppe; men der var kjøvande
varmt. Her er heitt som i Helvite, sa Bjølsvik; skal me
gaa? Men Blytt murra og meinte at dei fyrst fekk
drikke upp Øle sitt.
Det er godt 01 her, sa han; godt 01. Noko av det
beste i Byen her ja. Litt varmt kanskje, varmt; men
dei hev noko som er kaldare; dei hev noko ned i
Kjellaren, noko som stend paa Is; ja. Pst! kom hit, du
vesle Fyr! Skal me høyre um me kan faa noko av det
som er kaldt, godt kaldt, ja?
Ja lat oss drikke som Dævelen! sa Bjølsvik; og naar
me ikkje hev fleire Pengar so drikk me paa Borg! Han
hadde funni ut, at nettupp no vilde han sitja, og nettupp
no vilde han vera glad. Det skulde ingin innbille seg
nokonting! «Hei, Jakob Skomager!»
«Aa Kjerringa sette seg paa Purka og reid,
fallirallirittum dei,
so reid ho seg til Prestens Gard,
fallirallirittum dei.
«Aa kjære min Prest, vil du skrifte meg?
falliralliralliralll rittum dei;
for eg slo ihel kjær’ Mannen min, eg,
falliralliritt–»
«Til Helvite,» banna han og vart myrk i Andlite som
ein Orkan; «der er Peter Tordenskjold.»
Ja, det var Peter Tordenskjold.
Peter T. Hansson, Marinemaalar av Fag, eller
«Vand-skapsmaler», som det heitte til vanlegt, galt for aa vera
ein av dei keidaste Fyrane i Kristiania. «Aira manna
Jceidastr», som Mark-Oliv sa. Og det endaa han var ein
av deim som hadde mest aa fortelja. For um han sjølv
266
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>