Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Dei gjekk.
Peter Tordenskjold sat etter og smilte. Det stod vel
Kvinnfolk attum her som all Tid. —
— Ute i Gangen kom Bjølsvik burt for Blytt. Det
var som han var sigin i Jordi.
Men Bjølsvik hadde snerta seg inn i Festsalen.
Kann-hende Frøken Dyring ikkje var der lenger? Ho kunde
ha teki seg Ordi hans til Hjarta; ho kunde vera
heim-fari.
Men so saag han henne gaa og svinse att og fram
med denne Tosken Student Kruse. Og ho saag rett
blid ut.
Bjølsvik vart kald att. Og Harm og Hat lagde seg
yvi hans bleike Aasyn.
n.
Ja; ung Dagmar dansa med Laurits Kruse.
Og ho var snild mot Guten. Der inne, daa dei skulde
gjera Kjenskap, hadde han vori so rar av seg, so tryllt
og fortumla, at ho lite Greide hadde kunna faa paa han;
no vilde ho sjaa aa faa han i betre Lag; ho hadde ei
Von um, at det budde meir i han enn ein so med det
same skulde tenkje.
Ho hugsa han fraa desse Fyrilesningane i Vaar. Ho
hadde lagt Merke til den stille bleike Studenten, som
alltid sat i si visse Kraa og saag paa henne, med
burt-drøymde Augo som vart rædde og rømde, berre ho
glytte der burt. Der var noko so reint ved denne Guten.
Den brutale, uvyrdne Mannfolk-Haatten som ho var so
arg paa, og som ho fann hjaa dei fleste, men mest hjaa
sume og visse, den hadde han ikkje det minste av. Han
saag henne ut til aa vera ein Mann som tenkte fint um
Kvinna; han var bljug; han kunde raudne; der var i
268
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>