Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
all hans Framferd ein Vyrdnad og ein Age som viste,
at han enno ikkje hadde lært aa sjaa paa Kvinna som
paa eit Leikestell. Han saag ut til aa vera snarare
sorgfull enn glad. Dei graae Augo glinsa kannhende eit
Grand sjuklegt. Men naar han smilte, lyste det upp yvi
heile Andlite av kvite Tennar og frisk Truskuld, so ein
fekk Godhug for han som for eit snildt Barn.
Frøken Dagmar gjorde det ho kunde til aa faa Liv
i Guten. Ho fann paa det eine og ho fann paa det andre;
freista sistpaa med Politik. For um den skulde daa alle
kunna tala. Men kva det var eller ikkje var: ho kom
ingin Veg med han. Han svara ikkje eitt til tusund;
og um han sagde noko, høyrde ho godt at han ikkje
var med. Han var visst svært bljug. Eller det maatte
vera noko serskilt i Vegen. Ender og daa smilte han;
og ho lagde Merke til dei straalande kvite Tannradine.
Men um han smilte av di han lika det ho sagde eller av
di han fann det underlegt, det vilde ikkje vera godt å
segja.
Laurits Kruse var ille farin. Han hadde med ein
Gong kjent det, og det laag som ein Kulde gjenom alt
hans Blod: at han kunde ikkje vera noko for henne.
Kva skulde han her. Han svinga seg med henne i Ljos
og Musik og kjende seg framand og umogeleg. Han
var so taapin. Store Gud, so taapin som han hadde
vori. No gjekk ho her og dansa med han og var snild,
av di ho hadde vondt av han. Ho fann paa eitkvart aa
segja, av di han ikkje fann paa noko. Og han kunde
ikkje finne paa noko. Det stod stilt inni Hovude hans.
Han var eit Narr. Det var ikkje fyrste Gongen han
hadde gjort seg til Narr. Han visste nok kva ho tenkte.
Berre det vilde slutte med Dansen. Han høyrde kor
ho stræva med aa finne eit Ord aa segja so ender og
daa, naar dei møttest i Turane; han kunde høyre det
269
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>