Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
var som ho gjekk med Bringa fyllt av Ungdomsglede,
og som den sprengde paa, so Mæle stundom kunde
svigte.
Laurits sat og høyrde paa henne som ein framand
Mann. Han vart ikkje varm av aa sjaa paa henne heller.
Desse Augo som var so mjuke og straalerike som dei
var Utstrøymingar av den ævuge Naade, desse Augo
som maatte kunna lækje all Sorg og Sut, all Saknad
og all Synd, — dei skulde aldri sjaa kjærlegt til slik
ein som Laurits Kruse; og so var det ikkje meir.
Men so fekk det vera det same.
Han brydde seg ikkje um henne. Ikkje no, daa han
var komin so vidt innpaa henne.
Naar ein gjekk og saag paa ei Gjente langt ifraa, og
drøymde um henne, og dikta henne til etter sitt eigi
Hovud, so kunde ein tru at ein elska henne; og ein
kunde gaa og gjera seg Tankar. Men naar ein kom so
langt at ein skulde tala med Gjenta, og hadde henne
livs livande for seg, so som ho var, slokna Draumane,
og Elskhugen med deim. Han hadde visst aldri elska.
Naar han fann den rette, vart det vel annarleis.
Han vart raud som ein Skulegut, han kunde slaa seg
sjølv paa Munnen, naar han hugsa sine Draumar; dei
høvde ikkje her. Det som gjorde at han kunde vera til
likevel, det var at ho aldri fekk vita um deim. Det var
den store Ting, at Tankar var tollfrie. Det var godt for
noko, det med.
Aa nei; Frøken Dagmar var ikkje den rette. Den
han skulde vera glad i, ho maatte hava meir Hjartelag.
Denne her var altfor kald og klok. Han kunde høyre
det paa henne. Gamle Ingeniør Dyring hadde lært upp
Dotter si sjølv han, og det kunde ein forstaa. Ho var
godt upplærd paa ein Maate. Ho visste mykje; ho hadde
for den Skuld Lærar-Eksamen. Men det var rart aa
271
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>