- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
272

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

høyre ein syttan Aars Gjentunge sitja og tala um
«Kvindens Stilling» og um dei «brutale Mannfolk».

Det var vondt for Dagmar, at ho i so mange Aar
hadde vori morlaus. Ei Mor vilde ha gjort henne meir
til Kvinne; og det vilde ha høvt for Dagmar Dyring aa
vera heilt ut kvinneleg. Laurits fann sistpaa ut, at han
hadde vondt av henne.

So var det ny Dans, og han vart aaleine.

Kald um Bringa, leid av allting, fann han fram sin
slitne Haustfrakk og kraup inn i den. Gøymde seg so
under den svarte breide Filthatten sin. No vilde han
heim.

Men han tok Hatten av seg att. Endaa ein Gong vilde
han sjaa henne danse.

Det stakk for Bringa hans, med det same han fekk
henne for Augo. Men so var han kald att.

Julie Lindner var vel den han lika best endaa. Ho
var so brun og varm og søt. Det var ikkje det Grand
underlegt, at Georg Jonathan gjorde Kur til henne. Det
vart visst eit Par av dei tvo.

Det var eit Spursmaal kven som dansa best av Julie
og Dagmar. Julie var meir utvaksi, og ho hadde dette
elastiske i alle Rørslur, som Jonathan alltid tala so
mykje um. Men Dagmar dansa vedunderleg. Ho vart
til eitt med sjølve Musiken. Som ei ung Havfru vogga
ho seg i Toneflaumen, i dei mjuke rullande Rytmur.

Heile Salen var Fest, av di ho var her. Under
Brude-kransen skulde desse klaare Augo straale; som ei kvit
Vaarsky, som ein Sumarnattsdraum, skulde Brudesløre
fløyme festrikt um den smigre Skapnaden. Han prøvde
seg sjølv, um han kunde tenkje denne Tanken rolegt;
og det kunde han. Alen ein Dott hadde han vori; og ein
Dott var han. Raadlaust var raadlaust; berre gaa sin
Veg. Ja; no gjekk han sin Veg. So kunde dei gjera

272

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1944/0274.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free