- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
273

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Narr av han so mykje dei vilde. Gudskjelov; Frigstad
fekk henne visst ikkje, han heller. —

— Det hadde rignt um Dagen; Gata var vaat, Lufti
sval. Skyine laag høgt uppe; lettare enn fyrr; kvilande.
Dei var glidne ifraa kvarandre, so Himilen viste seg
innimillom, aa sjaa til som Fjordar og lange Hav-Armar
millom graae Fastland.

Det var maanemyrkt. Gjenom Sky-Gapi glytte det
ned, her og der, som Glimt fraa Fyrtaarn langt burte,
ørsmaae, bleike, bivrande Stjernur; dei saag ut som dei
vilde slokne um ei Stund.

I den myrkvorne Kvelden krylte Laurits Kruse av
Stad som ein skræmd Skugge. Han gjekk or Vegen for
Folk; vilde ingin sjaa og for ingin synast. Han lengta
etter Kvisten sin uppe i Professorbyen. Der var so
ro-legt og stilt. Der vilde han stengje seg inne.

Han var ikkje frisk. Det kulsa gjenom Kroppen hans;
ja han kjende seg kald gjenom Sjæli. No hadde han
misst den Draumen og. Alt skulde vera som fyrr att.
Men det var so vondt aa vera aaleine; han var ikkje
skapt til aa vera aaleine. Han kunde graate um han
vilde; han kunde gjera Vers. Sumetidir, naar han var
altfor leid av seg, gjorde han Vers; det var berre
Jammer. Og aldri noko aa lata nokon sjaa.

Han kravla upp Troppi. Tumla seg inn. Hatten slengde
han fraa seg kvar det høvde.

Midt paa Golve, nærare Døri, raaka han paa
Ruggestolen sin; der sette han seg. Lampa kveikte han ikkje;
kva skulde han med den. Det var ingin Ting han hadde
Hug til. Berre sitja der og vera leid. Søkkje seg ned
i si eigi Sut; i sine kalde haustsure Tankar.

Han gav seg yvi og lét Augo att. Musiken, Dansen,
Stimen der nede ifraa, heile Festen sat i han enno;
Ruggestolen tok til aa vogge i Takt.

18 - Garborg I. ^

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1944/0275.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free