- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
274

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Men henne som han ikkje lenger lika, ho med dei
mjuktstraalande Augo, ho i den myrke Kjolen som fall
so jomfrueleg fraa dei jomfrufine Mjødmine, henne saag
han dansande med Frigstad; og dei tvo, Frigstad og ho,
dei lo og var glade; og dei hadde Moro av vesle Laurits,
som hadde klara seg so klent i Kveld.

Han krympa seg; Ruggestolen tok til aa gaa sterkare.

Ho var som ein Seljetein millom Hendane paa Guten
sin, lite mjaa, lite smal yvi Aksline, ikkje fullt utvaksi;
ho var dragande 33 sjaa med det avlange fine Andlite
som blømde so lint, og med den svarte Haarflaumen
ned yvi Ryggen. Men ho var som Huldri; ein vart kald
naar ein kom henne nære.

Han maatte hava ei som var kjærleg og varm. Ei
som var mold. Som var heilt ut Kvinne.

Fann han ikkje ei som han kunde elske, so greidde
han ikkje Tilvære sitt.

No var han 21 Aar gamall. I fem seks Aar hadde
han livt i pinefull Saknad, stridande seg igjenom fraa
Dag til Dag. Men det vart allstødt verre. Mindre og
mindre kunde han staa imot. Han vart galin. Mang ei
Natt laag han og totte det tok til aa svive rundt for han.

Kvar Dag gjekk han og vona: i Kveld finn du henne;
og um Kvelden: i Morgo finn du henne. Men han fann
henne ikkje. Og um han fann henne, torde han ikkje
trive til.

Alle andre elska og trulova seg og hadde Eventyr og
livde. Hans Ungdom gjekk burt i berre Sakning og Sut.
Han kom til aa trega desse Aari so lengi han livde.

Det var so det grét i han etter ei som han kunde
taka i Arm, kjæle for, kjæle seg inntil; som han kunde
draga inntil seg i langt Fangtak, og kysse, og som drog
honom inntil seg, djupt inn i varme Armar, so dei kunne
kyssast, kyssast, Munn til Munn, sugande, lengi, med

274

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1944/0276.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free