- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
275

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

heite Ord, med brennande Blod. Øre, sjuke Elskhugsord
skulde han kviskre henne, heile si forpinte Sjæl skulde
han leggje fram for henne; og ho vilde forstaa; og ho
vilde halde av ham. Og det var myrkt; og dei saag
ikkje kvarandre, berre drog seg inn i kvarandre, varme
og sæle; og dei gløymde alt; og ho kviskra kyssande med
mjuk Munn: eg er di; gjer med meg som du synest.

Fyrr han visste Orde av, var han midt uppi desse
vonde Draumane som pinte han so tidt, og som gjorde
at han stund-imillom vanka umkring som i ei tung Ørske
eller som ein Mann med sjukt Samvit, rædd for Gud og
Mann, — Draumar som fyllte hans Hug med Synir, heite,
nakne, nervepinande Synir, ureine Aandir som han ikkje
kunde faa ifraa seg.

Men i Kveld vart han vakt.

Han høyrde Helene koma stiltrande upp Troppi.

Eit Skjeltetak gjekk gjenom Kroppen hans, ei hard,
vond Nerveskaking. Var ikkje Husfolki heimkomne?
Han hadde set deim der nede; kannhende var dei der
enno? Og Ungane hadde lagt seg? Og no var Helene
aaleine, og kom her upp? til honom? midt paa Natti?

So snart ho var innanfor Døri, var han kald att som
vanleg.

Ofte nok hadde han tenkt paa henne; han gjekk og
pintest med Elskhug til kven han saag. Alle, kven som
helst, drog han inn i Draumane sine. Men so snart den
Gjenta han drøymde um, sjølv stod der, kraup
Draumen sin Veg som ein rædd Orm; og han vart baade
modlaus og magtlaus.

— «Aa! er Di kommen?» sa Helene. «Og sitter saa
her i Mørke?» Ho høyrdest ustød i Maale, totte han.
Tru ho ikkje hadde visst at han var komin?

Ho trivla seg fram-aat Borde og fann Lampa. So tett
strauk ho fram-um Laurits, der han sat, at han kjende

275

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1944/0277.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free