- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
276

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

henne innyvi den eine Sida av seg som ein Nervestraum,
som Magnetisme. Han vilde rette Armen ut etter henne,
men gjorde det ikkje. Armen var som bundin.

Ho gjorde seg gode Stundir med Lampa. Han skimta
henne mot Vindauga; saag den gode Figuren; berre tri
fire Stig fram no; berre eit einaste lite Sprang! Men
han gjorde ikkje Sprange. Han kunde ikkje gjera det.
Ikkje um det galdt Live.

Det var ei Magt, ei framand Magt, som batt han.
Uppaa Lande i Sumar hadde han kjendt det same. Han
hadde komi til aa vera aaleine med Maja paa eit Loft;
ho stod so tett inntil han at det berre vilde vera aa
leggje Armen um Live paa henne; men han hadde ikkje
kunna. Naar det galdt um, vart den Nerveringen, Viljen
skulde gaa i, som lam.

Lampa var kveikt; Helene stod og breidde upp Sengi.
Ho gav seg god Tid. Den som kunde sjaa kva ho tenkte.

Ho tenkte vel paa inginting. Ho hadde Tillit til han.
Kvi skulde ho ikkje det. Ho kunde vist vera trygg for
honom.

Kven var det han var rædd, tru. Han visste det ikkje.
Det var noko som sat i Blode. Var han aaleine med ei
Gjente, so lagde det seg som ein Trolldom yvi henne,
so ho vart urørleg. Det var som det stelte seg upp
framfor henne ein Engel, som stengde Vegen til henne
med eit usynlegt Sverd.

Det var Gjenta sjølv han var rædd. Det var det at
ho skulde faa sjaa, kva Kar han var. Han skjemdest
yvi si eigi Pine som det var ein vond Sjukdom. Um
han no gjekk der burt og tok henne um Live, — berre
dei Augo ho vilde setja paa han. Han vart kald gjenom
heile Menneskje av aa fyristelle seg det.

Og so vilde ho rive seg ifraa han og røme; og so
skulde han sidan gaa her med den Skammi, at han

276

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1944/0278.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free