Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
høg Harm og vise Mistanken burt, naar ho tymta paa
at han kunde ha teki henne av andre Grunnar enn
Kjærleik. Dette siste kom ho elles ikkje ofte med no. Det
hadde vist seg, at um Braut hadde venta Pengar fraa
Steinsrud, so hadde han misrekna seg. Straks han
hadde teki practicum, hadde dei hjelpt han til ein Post
paa ein Privatskule — han laut ha noko aa gifte seg
paa; det tok seg ikkje ut elles, sa Fru Storr—; men
eit Aars Tid etter hadde Proprietær Stensrud spéla upp;
Grosserar Storr hadde ikkje kunna halde han uppe
lenger. Dermed var alle Vonir paa den Kanten sløkte.
Daniel Braut var innharm lengi for dette; gifte seg
for Pengar og ikkje faa deim, — at Vaarherre kunde
tillata slikt! Men det Sinne maatte han fint bite i seg.
Og enno gjekk han paa Skulen og stræva, so lite han
lika det. Noko rimelegt Preste- eller Kapellankall hadde
han ikkje kunna faa; Kona hans vilde paa ingin Maate
burt ifraa Kristiania.
Daa det fyrste Barne kom, hadde han loti taka nokre
Attpaa-Timar i Smaaklassom. Daa det andre fylgde
etter, var der ikkje Raad for det; han laut til med
Privat-Timar. Tysk og Fransk for Nynæmingar. Han
sleit som ein Træl, men hadde paa ein Maate ikkje so
mykje imot det. Det vart so faae Fristundir daa; og
det var i deim han skulde vera kjærleg Ægtemann. Med
Tid og Stundir skulde han vel faa seg eit Kall. Og naar
han vart Prest, skulde han vel alltid faa Styr paa Hanna.
Stundom fekk han nærsøkne Spursmaal um sine unge
Dagar. Han forsikra at han aldri hadde elska andre
enn Hanna; ho var den einaste. Det vil segja, i
Skuledagane hadde han som andre gjengi og sverma for eit
«Ideal»; men det var daa ikkje noko aa nemne. Kor
det Idealet var no? Gift burtpaa Vestlandet ein Stad,
med ein Jægteskipper; livde godt, ettersom Syster hans
278
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>