- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
279

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

skreiv; hadde fem Born og var diger og rund som ein
Rullepylse.

Berta Marie nemnde han ikkje. Og endaa kunde han
likso snart ha nemnt henne, naar han vilde skrifte sine
Syndir; for daa Stud. theol. Braut i sitt Festemaals
Dagar var med Olai Juberg og slike Karar og tura
«Studenterliv», hadde han funni den Gjenta att, og daa
hadde korkje han eller ho vori so bljuge lenger. Ho
budde i øvre Vollgata; gamle Jokum heldt henne. Braut
raaka henne ein Fyllekveld paa ein Dansesal — hm; i
den Tidi hadde han kunna drikke seg drukkin og —;
Olai Juberg førde deim saman, og han fekk vera med
henne heim. Fraa den Natti var det som Elskhugen
endeleg hadde vakna i denne store tunge Kroppen. Han
gjekk og lengta etter henne fraa Morgo til Kveld, og
snikte seg nedtil henne um Nætane so tidt han kunde,
med Frakkekragen upp-yvi Øyro og Hatten ned-yvi
Andlite, rædd som ein Hund. Men dei teologiske Vénine
hans undra seg yvi Guten i dei Dager; han var visseleg
i serleg Grad under Naadens Tukt.

Kor han hadde teki Mod ifraa til denne store og grove
Syndi, som han enno bad um Naade for og elska, visste
han ikkje rett; men Olai Juberg hadde hjelpt godt til.
Han hadde gjort Narr av Brauts «Bondemoralitet». «Du
er forlova,» sa Olai Juberg; «men du veit daa for
Fanden, at det berre er paa Lande eit Festemaal gjeld
for eit Giftarmaal? Og der tek dei det som eit
Giftar-maal au; so der kann det gaa. Men her gifter ein Mann
seg, naar han er 30—40 Aar; og det er Fanden ingin
som meiner at han skal gaa og gjera Upprør mot
Nat-turi i all den Tidi. Alle unge Damur veit det,» sa
Juberg; og han spurde Braut, kva han meinte ei Dame
maatte tru um ein vaksin Fyr som aldri hadde vori paa
Eventyr. Juberg tala roleg og med Yvivitning; Daniel

279

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1944/0281.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free