Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
trudde meir enn gjerne det han sa. Og han kjende seg
letta av aa vita, at det fanst for fullt Aalvor ein løynlig
og fri Moral attum den strenge officielle.
Men han nemnde ikkje Berta Marie, naar han skulde
skrifte sine Syndir. I slike Stundir gløymde han det.
Ein aalvorsam Mann hugsa i det heile ikkje slike
Ung-domsmistak. Det var berre i sentimentale Stundir at
dette kunde koma for han att, eller naar han ender og
daa heldt Bots-Storvask, t. D. naar han skulde til
Alters. Daa maatte den Syndi fram; for enno hadde han
ikkje angra Gjerningen med den rette Aalvora. Det
han i Grunnen hadde harma seg mest yvi var, at Sogo
hadde havt slik ein uromantisk Ende; dei hadde sant
aa segja vorti Uvénir um eit Pengespursmaal. —
— Daniel Braut var i Røyndi ein god Ægtemann. Han
træla for Huse og laug for Husfreden og fann det paa
ein Maate godt gjort av Hanna, at ho alltid tok til
Tenestgjentur dei ljotaste som finnande var.
Men denne Gongen hadde ho gjort eit Undantak.
Helene var ikkje stygg. Og ikkje gamal. Ho var ikkje
noko ven heller. Men ho hadde ein god Kropp og gjekk
lett; mager var ho; berre Muskulatur; men ein fekk
alltid nok av Daudkjøt. Det bleike Andlite saag ut som
det var aalvorsamt berre paa Skjemt; og det var visst
so au; for naar ho ein Hende Gong smilte, vart ho
livleg og lystig aa sjaa til som ei sekstanaars
Gate-taus. Augo var smaae; kva Lit dei hadde var vandt aa
avgjera; det var eit Par rare Augo, og det sat ein
Skjelm i kvar Augnekrok. Men ho gjekk ut og inn i
Huse so stød som ein Prest; og ho var visst so
skikkeleg som Gjente kunde vera.
Kandidat Braut skyna ikkje kvar Kona hans hadde
vori denne Gongen. For honom kunde det vera det
same; han var ikkje den som laag etter Gjentune i
280
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>