Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Huse; men det var greidt at Hanna hadde teki i Miss,
og det hadde han som ei Moro av.
Mindre enn nokon Gong lika han aa høyre Kona si
tala um Kjærleik. Men det tok ho heller til att med
no. So snart det var den minste Ting han ikkje gjorde
henne til Lags i, so kom det: der kunde ein sjaa, kor
mykje han brydde seg um henne. Han saag visst helst
at ho laag i Jordi. Og rett som det var, grét ho. Det
vart verre og verre aa ljuge for Husfreden Skuld. Han
tagde helst, og luska ut naar det vart for ille.
Det gjekk so vidt stundom, at han tenkte seg den
Tingen aa slaa seg likeglad og søkje slik Trøyst som
mange andre søkte. Hummelvik’en t. D.; naar hans
Kjering vart for leid, so rusla berre Hummelvik ned i
«Fallgruben» og drakk seg full; og um eit Bil var
Kje-ringi blid att. Men det var sant, — Hummelvik’en
hadde ikkje nokon aa svara fyri, han. Han trudde korkje
paa Gud eller Djevel... stakkars Mann; Daniel Braut
gjorde Knefall i sitt Hjarta og bad um Naade for dei
ville Tankane sine.
Hjelp mot Kona si fekk han ein Dag fraa den Kanten
han minst hadde venta.
I Luthersk Kirketidende stod det eit Stykke av ein
Professor um Ægteskapstankane i vaar Tid. Daa Hanna
næste Gong tok til aa sutre um at Braut ikkje var som
ein Mann burde vera mot Kona si, vart Braut
høgtidsam og sa, at ho fekk taka seg i Agt. Ho hadde ikkje
den rette Døming um Ægteskape. Det kristelege
Ægte-skap var ikkje botna paa «den erotiske Følelse», sa
han; det var bygt paa det natturgjevne Kynshøve og
hadde til Fyrimaal Barneavling. Den «kjærleik»
Apostelen tala um, det var den aalmennelege kristelege
Bro-der- og Systerkjærleik. Ikkje i kjøteleg Elskhug som
Heidningane, men som gode Kristne skulde Ægtefolk
281
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>