- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
282

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

liva ihop, og bera Krossen med kvarandre, og ala upp
Born i Tukt og Herrens formaning. Soleis som Hanna
vilde ha det, sa Braut, so vart det ikkje eit Ægteskap,
men eit Høve som — som millom — ja; det vart ikkje
sedelegt i kristeleg Meining. Det vilde føre til
Upp-løysning. Det vilde føre til den frie Kjærleik. For det
visste me alle, at Elskhugen kunde ikkje vera Grunnlag
for eit Ægteskap som skulde halde Live ut.

Hanna glodde paa Mannen sin, som gjekk att og fram
paa Golve og sagde desse Ting med nedslegne Augo;
so spurde ho kor han hadde dette ifraa. Han vart heit
um Augo, men svara at han hadde det fraa Teologien
sin. Elles kunde ho sjølv faa sjaa; her um Dagen hadde
han set det att, og det paa ein so klaar Maate —; Braut
rusla inn paa Kantore sitt og kom straks att med
Kyr-kjeblade sitt. Hanna saag Namne paa Professoren og
tagna.

Ho brydde seg visst ikkje stort um det teologiske
Falkultete i désse Spursmaal. Men etterkvart forstod
han til si store Glede, at han likevel hadde fengi eit
Tak her. Han hadde fengi Tingen umgjord til eit Emne
for Dryfting; det hjelpte merkeleg. —

— Hanna passa paa so godt ho kunde, at Braut ikkje
fekke vera ute aaleine; og dei gjekk sjeldan i Selskap
der det var unge Damur med. Braut forstod dette og
fann det rett. Han visste at Djevelen kunde vera etter
han; og ein skulde halde seg burte naar Syndi lokka.
Det var og det, at Hanna aldri var verre til aa elte han
med Spursmaal, enn naar dei hadde vori ute i Lag av
dette Slage.

Men Djevelen kunde vera leid nok, um ein sat heime
au. Han kunde gjeva Kandidat Braut inn Tankar som
han vart reint uroleg av. Som naar han kom og kviskra
um, at alt det Braut no leid, det laut han lide berre for

282

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1944/0284.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free