- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
283

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

slikt eit Slumpehøve som det, at Far hans ikkje hadde
vori rik. «Hadde du som andre vori rik nok,» sa
Djevelen, «so kunde du ha gift deg med den du heldt av,
du som andre. Men naar Vaarherre hev stelt det so
vrangt for deg —.» «Apage Satanas», sa Kandidaten.

Det verste var, at der kunde paa ein Maate vera noko
i det som Djevelen kom med. Men Synd var Synd; og
Vaarherre hadde nok havt si Meining. Dessutan — aa
den Ljugaren ifraa Upphave! — um me visste noko, so
var det vel det, at ikkje alle kunde vera rike.

Det fekk nok vera som det var. Med Guds Hjelp heldt
Menneskje allting ut; og det fekk vera det same um ein
ikkje fekk so mykje godt i dette Live, naar ein berre
kunde bu seg dess betre til det som koma skulde. —

— Men slik som Helene rolegt og stødt sveiv ut og
inn gjenom Dørine i den vesle Bustaden, maatte han
mang ein Gong, naar Hanna ikkje saag det, fylgje henne
med Augo. Og naar han tala til henne og Hanna ikkje
høyrde det, vilde det lett koma noko kjælande, noko
friande i Mæle.

Han vakta vel paa Tankarne sine og stola trygt paa
Vaarherre. Det maatte vera tillati clcl SJ3.8. kjærlegt til
ei Medsyster, um ho var Tjénestgjente, naar ein berre
ikkje slepte Tankane for langt. Og Vaarherre vilde nok
sjaa til, at Kand. Braut ikkje vart freista yvi si Evne.
Vaarherre vilde styre alt so, at det vart til det beste
for’n. Vaarherre var den einaste som kunde hjelpe’n i
hans Naud. Og han var den store og den gode og den
vise, og han aatte Rike og Magti og Æra; me var
Makkar og Kryp og inkje tess. Inginting kunde me gjera
eller vilja av det som godt var. Daniel Braut vart so
gudeleg stundom, at han vart kløkt av det sjølv; og
han visste so trygt og godt, at Vaarherre saag alle hans
Tankar.

283

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1944/0285.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free