Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Det gjekk Dagar og det gjekk Vikur; det drog utetter
Hausten, og det vart Vinter; November tok Ende;
Desember tok til. Det var som der var komi eit nytt Lag
yvi Helene. Eit mjukare Lag vilde Braut kalle det;
ho var mildare, bljugare; hadde fengi liksom noko
varmare i Tale og Aatferd. Serleg tottest han sjaa, at ho
lagde seg etter aa vera honom til Lags. Ja Hanna med.
Men det var paa ein annan Maate.
Ho kunde finne paa utrulege Ting. Som ein Dag ho
kom inn paa Arbeidsrome hans med Kaffi. Med ein
Gong spyrr ho, um Herr Kandidaten vil ha Konjak til
Kaffien sin. Kandidaten glodde: Konj—ak til Kaffien?
Hadde Frua Konjak? Helene slog Augo djupt ned, og
endaa saag han Skalken i Augnekrokane. «Der staar
noe der ute,» sa ho; «aa i Dag er det saa koldt; jeg
tænkte det kunde —; det er snart gjort aa skaffe et
Glas.» — Ho slog Augo halvt upp og saag undergjevi
paa sin Herre.
Han nikka. Ho gjekk. —
Hm; so det stod soleis til med henne.
Han fekk Konjaken, takka faderleg og drakk. Ho
var ute med same.
Stakkars Gjente.
Han sat i Sofakroken so, at han kunde sjaa seg sjølv
i Spegilen. Han glytte der burt. Og han fann det
rime-legt. Som han der sat, breid og trygg, med stort brunt
Skjegg og klædd i strengt svart, var han ein
præsentabel Herre.
Han kunde ikkje taka henne det ille upp. Han
forstod, at ho maatte ha det vondt, og at ho serleg maatte
ha lite Fred i sitt Samvit. Daa ho kom inn att etter
Kaffibrette, tala han mildt til henne; men han var eit
Grand ustød i Mæle. «Du er ei snild Gjente, Helene,»
sa han; «men du hev det visst ikkje godt?» Jau Takk,
284
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>