- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
285

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

ho hadde det nokso godt ho, sa ho. «Mm,» heldt
kandidaten fram, «um —, um der er eit og anna, som...
som tyngjer, so... skal ein ikkje tapa Mode, Helene.»
Ho tok til aa stire. «Ein hev Lov til aa tru,» heldt
Kandidaten fram, meir og meir ustødt, «at Vaarherre
kannhende ... ikkje i alle Ting... dømer so strengt
som —. Han veit at me er veike, og at Djevelen er
sterk, og... For honom er det vel... for honom er
det vel... Kjærleiken, det gjeld um, likso mykje som
— som — som dei ytre Formir. Den som elskar mykje,
veit du, honom skal mykje bli tilgjevi; ein skal ikkje —.»

Helene var ute.

Kand. Braut var eit Grand raud, eit Grand heit i Augo.
«Hm, ho tek det paa sin Maate ho,» murra han. Han
reis upp og gjekk nokre Stig; rusla so attende og
sette seg.

Um ei Stund sa han, halvhøgt men tydeleg: «apage
Satanas.» —

— Helene stod ut-i Kjøken bleik som Bast. Han veit
det, kviskra ho; han veit det.

Ho vart so veik i Knei; ho laut setja seg. Paa ein
Pinnestol som var sund i Ryggen sat ho og seig ihop,
som ho skulde vera beinbroti.

Det var vel slutt no. Straffi kom nok fyrr ein vardest.

Kandidaten var snild. Han vilde visst vera rimeleg.
Men Frua.

Frua visste det vel, ho og. Eller fekk snart vita det.
Dei kunde nok ikkje tegja for kvarandre med slikt, Mann
og Kjerring, naar dei var i Godlag.

Den som kunde forstaa —. Dei hadde daa alltid fari
varlegt. Ho for sin Part hadde visst, lengi fyrr dei tok
til med dette, kor mykje Staak ein um Lag kunde gjera
paa Kvisten, fyrr det høyrdest nede. Hadde han gjengi
paa Lur ut-paa Loftsgangen? Det heiltupp kulsa i

285

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1944/0287.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free